Arkivert
Foto:

Årsmøte og søndagskafe i Utbjoa Grendahus

Utbjoa Grendahus er eit ungt lag i eit gammalt hus. To år er gått sidan Utbjoa bedehus blei omdøypt til Utbjoa Grendahus. Huset blei bygd i 1938 og var bedehus fram til februar 2022. På kort tid har grendahuset blitt ein populær samlingsplass for fastbuande, hyttefolk og gjester frå andre bygder. He møtest ein til dugnadsarbeid, søndagskaféar, spelekveldar,temakveldar og basarar, for å nemna noko av det som går føre seg i grendahuset.

Med økonomisk støtte frå næringsliv, stiftingar og private, har det lukkast å kome godt i gong med oppussing og opprusting av huset. Arbeidet er leia av styret for grendahuset og dugnadsiveren i bygda er stor. Med respekt for det gamle blir grendahuset litt etter litt pussa opp og framstår stadig i betre stand.

Søndag 18. februar var det tid for årsmøte ogsøndagskafé. Årsmøtet blei effektivt avvikla med handsaming av vanlege årsmøtesaker. Valnemnda hadde førebudd seg godt og dei to som stod på val i styret blei valde for to nye år. Styret framover består av Torunn Hetland, Agnar Naustdal, Harald Hetland, Nils Terje Oma og Elin Arianson. Laila Øyre er varamedlem og møter på alle styremøte. Revisor er Anita Hansen og valkomitéen består av Anne Grete Karlsen og Torstein Åsbø (ny).

Økonomien i laget speglar det store arbeidet som er utført. No er det trong for friske midlar. Gamle hus byr ofte på overraskingar. Slik er det også med grendahuset. Det syner seg at det er nødvendig å gjera ein større jobb med avstiving og ny ytre kledning på endeveggen mot vest. Dette kom overraskande på styret rett før jul då det blei avdekka lekkasje i veggen som ein trudde var reparert. No må det eit større arbeid til, noko som vil vera kostnadskrevjande. Styret arbeider med søknader om friske midlar og håper å lukkast i å skaffa nok pengar til å gjera det nødvendige reperasjonsarbeidet.

Dermed må oppussing av kjellaren, som me hadde håpa på å kunne gå i gong med, utsetjast.

Men styret har ikkje tenkt å «hengja med hovudet» sjølv om den øknomiske stoda er alvorleg. Årsmøtet blei avslutta med optimisme og pågangsmot og ei positiv stemning om at dette må me klare i lag.

Så var det tid for søndagskafé. Det kom fleire gjesterog lukta av heimebakst og kaffi freista til ei hyggestund med prat over kaffikoppen. Denne søndagen var Roald Årvik frå Vikebygd invitert til å vise bilete frå nordsida av Åkrafjorden. Roald tok oss med på ein spanande tur i vilt og bratt terreng. Her var høge fjell og djupe dalar – nokre plassar virka det nærast uframkommeleg. Naturen han viste fram på bileta var vill og vakker,- frå fjell og vatn, isbre og bratte urer. Dei 16 frammøtte koste seg og fekk sjå bilete frå plassar dei færraste kjem.

Nok ein gong har me hatt ein triveleg søndagsettermiddag i godt lag. Etter oppryddinga er det berre å sjå fram til neste arrangement som er solfest kommande helg. Me gler oss !