Gunnar Dalen
Foto:

Gamleskulen på Bjoa -noko for deg?

Den gamle skulen på Bjoa blei bygt i 1870 og var i bruk som skule fram til midten av 1960-åra. Etter den tid har huset vore nytta som systove, 4 H – hus og sporadisk som møteplass. Dei siste åra har det ikkje vore noko bruk av huset.

Huset treng etter kvart vedlikehald, taket bør skiftast og utvendig kledning må i det minste malast. På den siste bygdakafeen blei framtida for skulen tatt opp, og det var stemning for at noko måtte gjerast. Me går difor ut og etterlyser om det er nokon som kan tenkja seg å overta og flytta skulen for å nytta den vidare. Den flotte, tømra bygningen vil gjera seg godt som hytte, gardsbutikk eller anneks til andre bustadhus. Huset kan overtakast gratis, og det vil truleg også bli mogleg med støtte og hjelp til rivingsarbeidet. Dei ytre måla er ca. 6 x 9 m.

Interesserte kan ta kontakt med Bygdeutviklingslaget (tlf. 416 32 774 eller 922 12 656).