Kartverket / Leif Grindheim
Foto:

Turveg Ølensvåg - Eikås

Den planlagde turvegen frå Ølensvåg til Eikås er 6,6 kilometer, og består i stor grad av oppgradering av eldre traktorvegar. Vegen inngår i ein større plan om å få ei samanhengande sykkelløype frå Ølensvåg, via Bjoa / Eikåsbrua til Vikebygd. Prosjektet er finansiert gjennom tilskot, spelemidlar, dugnad og gåver, og har eit samla budsjett på om lag 6,6 millionar kroner. Etter planen startar arbeidet med vegen opp i sommar. 

- Me trur at fleire turvegar får folk ut i aktivitet, og ikkje minst blir dette trygge vegar, både for dei som går og syklar. Sjå til dømes på turvegen frå Ølen til Etne, der kan ein både gå og sykle i god avstand til bilvegen og trafikken elles, meiner leiar i Vindafjord Turlag, Arne Gunnar Habbestad og viser til at desse vegane også er viktige for at dei med funksjonshemmingar skal kunna nyta turlivet. 

- Me ser og at folk er flinke til å koma på dugnad, og me er sjølvsagt heilt avhengig av positive grunneigarar i dette arbeidet, utan dei blir det ingen veg, fortel Habbestad. 

Det aktive turlaget i Vindafjord hadde 790 betalande medlemmer i 2018.

 

VAF-midlar

Prosjektet er støtta økonomisk av blant anna Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og Haugesund Sparebank. VAF er eigd av dei største bedriftene i Vindafjord kommune, og administrerer kompensasjonsmidlar som blir tildelt i samband med auka arbeidsgivaravgift. 

- For oss er også spelemidlar og momskompensasjon viktige inntektskjelder. Me arbeider framleis med andre bidragsytarar frå næringslivet, fortel Leif Grindheim som er innleigd som prosjektleiar. Offentlig tilskot til skogsbilveg vil også utgjera ein viktig del av finansieringa. Arbeidet med turvegen har fram til no pågått i over to år, ein reknar med at vegen er ferdig innan prosjektet når tre år. 

I prosjektet vil ein skoga langs vegen, reinska grøfter, leggja nytt toppdekke og setja opp eit permanent elektrisk gjerde slik at beitedyra held seg unna turvegen. På vegen over til Eikås vil det også bli bygd nytt rekkverk til brua. 

Utløyser rundløyper

Vegen vil gå frå havnivå og opp til 300 høgdemeter over havet, før den går nedover igjen. På Dueland vil det bli laga parkeringsplass til 15 bilar, på Bjoasida er det parkering på velteplassen i vestenden av Kolbeinshaugslia. 

- Dette er ein turveg som blir bygt og vegen vil vere stengt for motorisert ferdsel, med unntak for grunneigarane. Langs deler av vegen vil det gå beitedyr, for å halda dyra borte frå vegen blir det sett opp totalt 5 kilometer med gjerde, kjem det fram i søknaden som er sendt kommunen angåande spelemidlar. 

Med denne turvegen på plass vil ein også kunna utløysa attraktive rundløyper som til dømes med Ølensvåg som utgangspunkt og via Bjoa, Vikestølen, Vikebygd og Utbjoa, ei løype som vil bli 45 kilometer. Alternativt frå Ølensvåg og via Bjoa / Eikåsbrua til Bakkafossen, før ein syklar attende langs fjorden til Bjoa og Ølensvåg, denne turen er 34 kilometer lang. 

Støtte frå Bjoa Bygdeutviklinglag

Vindafjord Turlag har søkt BBU om økonomisk støtte på kr 100.000 til oppgradering av turveg frå Dueland(Ølensvåg) og over Kolbeinshauglio til Bjoa. Dette er ein del av ein lengre turveg som er planlagt. Den delen som er under planlegging nå er meint å halda skogsvegstandard. Det vil vera ein turveg som heile kommunen vil kunna nyta godt av og styret i BBU er difor positive til tiltaket. BBU har ikkje midlar til å imøtekomma søknaden slik den ligg føre, men vil bidra noko.

Konklusjon:

BBU løyver kr 15.000 til Vindafjord Turlag sitt prosjekt med turveg over Dueland. Pengane vil bli utbetalt når prosjektet er ferdigstilt.