Jarle Sandsgård
Foto:

Vikestølsmarsjen 2019

Søndag 1. september var dagen for den årlege Vikestølsmarsjen frå Bjoa og Vikebygd. Opp til stølen, som ved inngangen av 1900- talet hadde aktiv stølsdrift. Thorsen hadde 8 kyr der oppe og budeie frå Alna.

Men denne søndagen var det ikkje kyr å sjå i fjellet. Beitedyra er borte og skogen har vakse opp på myrane som tidlegare var sommarsbeite for husdyr frå Vikevik.

Kraftige regnbyger veksla med sol på morgonen. Det gjorde nok at ein del var litt forsiktige med å hengja på seg anorakk og tre beina ned i fjellskoa. Men det var kanskje 60-70 som tok turen oppom stølen der dei vart møtt av Jone Ingvald som hadde kaffien klar, med kaker og pølser på grillen. Inne putra lapskaus-kjelen på vedomnen, og det brann lystig og vermde dei som samla seg inne i hytta. 

Det var ikkje så mange dropane som kom, men hytta ga ly dei få minuttane som det styrta ned. Mellom bygene var det solskin over hesteskokasting på ei jarnstong ute i vegen. Litt utrygt var det kanskje å koma opp stigen frå Eikås og bli møtt av hestesko som spratt og trilla der dei sjølve hadde lyst – og ikkje alltid dit kastaren sikta. Prisen for deltaking var det ikkje noko å seia på, kanskje litt billeg? For 10 kroner kunne ein få kasta 3 hestesko x 5 rundar.

Agnar Naustdal med eit perfekt kast

Før dagen skulle sluttast av var det som vanleg basar-tid. Det var mange bøker med selde lodd og mange gevinstar. Pengane går til vedlikehald av hytta. Men styret har utvida planar. Dei vonar å kunne få på plass finansiering nok til å riva den gamle skulestova frå Utbjoa og erstatta den med eit nytt,flott bygg.

– Det er mange fond me kan søkja støtte frå, sa Anna Langhelle som er i styret for hytta. Ho vona at også lokale bedrifter kunne stilla opp med noko midlar, slik at den nye flotte hytta som arkitekt Tveit har teikna, kunne byggjast neste sommar.

– Den skal vera som før, ein plass der folk kan koma på tur og overnatta, sa ho. Vikestølshytta skal vera open for alle. 

Vi ønskjer alt vel for det driftige styret som står på for at Vikestølen skal verta eit endå meir ettertrakta turmål. Med god veg opp så kan kanskje også handikappa og folk som elles slit med ein fjelltur, få koma seg opp hit. Men vegen vil framleis vera stengd for motorkøyretøy, utanom når grunneigarane gjev løyve i spesielle tilfelle.

Det ligg meir stoff om Vikestølen på http://vikebygd.org/2019/09/02/vikestolsmarsjen-2019/