Foto:
Start:
10/2/2023
19:00
Slutt:
10/2/2023
22:00
Pris:
200 kr for medlem (250 kr for ikkje-medlem)

Fjør og vin - med foredrag 10. februar

Snart fastelavn!


Ein god anledning til å invitera alle damer til hyggekveld igjen, og me ønskjer velkommen til suksess-arrangementet Fjør & Vin fredag 10. februar kl 19:00 på Bjoa Helsehus.

Felles aktivitet blir å laga Sanitetskvinnene sitt varemerke: fastelavnsris! Lag slik du vil ha det: tradisjonelt med fargesprakande fjør, eller moderne med duse og naturfarga fjør. Materiell til eitt ris inkludert i inngangsprisen .

Me er så heldige og også få eit foredrag med psykologspesialist Hilde C. B. Veldt "God natt, kor blir det av søvnen?!"

Me skal kosa oss med ost og kjeks og god tid til prat. Me serverer drikke til maten, men ønskjer du vin eller liknande, tar du det med sjølv.


Medlemmer i Bjoa Sanitetsforening kr 200,- og for Ikkje-medlemmer kr 250,-

Meld deg på med sms til Linn 91857505, eller her på Facebook innan onsdag 8.02 så me er sikre på å ha nok mat og ris!

Betaling med Vipps i døra!


Velkommen til kosekveld!

Lag knytt til arrangementet