Foto:
Start:
25/11/2021
19:00
Slutt:
25/11/2021
21:30
Pris:

Førjulstreff på Helsehuset torsdag 25. november kl 1900

Velkommen til ein sosial inspirasjonskveld i førjulstida. Medlemmer i Bjoa Sanitetsforenig og alle andre kjekke folk i bygda er hjarteleg velkomne. Programmet er lagt om mest for damene, men det er ekstra hyggeleg når mannfolka også blir med.

Program

-     Inspirasjon og informasjon ved fylkesstyreleiar i NKS Rogaland Ann Kristin Thorkildsen; ei festleg og engasjert dame som tar turen frå Sola. Tema: Saniteten sitt arbeid for kvinnehelse og andre aktuelle tema i tida.

-     Inspirasjon og demonstrasjon av enkel pynting til advent og jul ved Jorunn og Joanas Blomsterverksted Etne

-     Musikalsk live-underhaldning med føytestemma til Emil "Elvis" Tysnes Andersen

Enkel servering med julebrød og deilige makroner frå Nesheimstunet til kaffien.
Utlodding med gevinstar som gåvekort på Ebne, dekorasjonar frå Jorunn og Joannas hender, gåvepakkar med makroner og sviblar.

Velkommen til ei hyggjeleg kveldsstund med gratis inngang!
PS: Me dekkar borda med god avstand og føljer gjeldande smitteråd i kommunen.

Lag knytt til arrangementet