Bilete av vaffler og kaffi
Foto:
Start:
30/10/2019
15:00
Slutt:
30/10/2019
18:00
Pris:

Kløvertreff oktober

Kløvertreff som er meint som ein sosial møteplass for alle som er heime på denne tida av dagen. Programmet varierer frå gong til gong, men faste innslag er vaflar og kaffi, tid til drøs, ei lita utlodding for å finansiera tiltaket og kanskje litt trim på slutten. Her er plass til fleire, og særleg skulle me ønskja at også mannfolka tok turen! Ansvarleg for Kløvertreffet er Anita Hansen, tlf 909 88 787.

  • Oktober: Halloween-stemning med graskar, spindelvev og kanskje spøkelse!? Du får vita litt om tradisjonen bak denne feiringa, og menyen blir noko også av det skumle slaget ;-) Cecilie T. Vestbø demonstrerer miljøvennlege klutar og hushaldningsartiklar.

Sanitetsforeninga vil gjerne ha med fleire som kan vera med å hjelpa til med kjøkenteneste og rydding etter Kløvertreff, eller som kan kjøra dei som treng transport. Kontakt Anita.

Lag knytt til arrangementet