Arkivert
Sonja Toadalen Sælevik
Foto:

Bjoapåske med lagleg turvêr og stor utfart

Mange Bjoabuar og hyttefolk nytta det fine påskevêret til turar frå fjord til fjell. Parkeringsplassane var fulle og mange sende bilete frå turane sine til bjoa.no.  Den flotte utsikta mot Sunnhordlandsbassenget på fotoet ovanfor er godt kjent for dei som går opp til Gråhorgjo frå Haugsgjerdet. Kanskje noko å tenkja på neste gong du vil ha ein fjelltur med fabelaktig utsikt?

Me takkar for alle foto, og me legg nokon ut nå - og andre vil me gjerne nytta andre gonger. Tusen takk!

Tur på Nordre Baslifjell. Foto May-Britt Pedersen
Krokusen kikkar fram. Foto Marit Eikehaugen
Frost - ikkje noko problem! Foto Mariann Bådsvik
Vinter på Dalsmyrane - ikkje i påska, men veldig fint! Foto Mariann Bådsvik
Raudsildre i knopp i Søra Buskòr på Gråhorgjo. Foto Gunnar Dalen
Leita etter tur-orienteringspost - fann trollskog. Foto Liv Kari Bødtker