Foto:

Kulturstien - Utbjoaneset

Parkering: Utbjoa ferjekai

Lett familievennleg tur på sti. Ikkje mogleg med barnevogn eller rullestol.

Følg vegen som går like bak husa/nausta i sjøkanten. Etter ca. 150 meter går vegen over i merka sti. Like etter der vegen går over i sti, ligg dei første kulturminna. Her er det skålgroper i berget. Når du kjem ned i stranda, er det spor etter ei båtstø, truleg frå mellomalderen. Langs kulturstien vil du finna gravhaugar og gravrøyser, helleristningar og skålgropfelt, og båtstøa i Utbjoavågen.

Kulturstien er ca. 3 km. Inst i Utbjoavågen deler stien seg, slik at du kan gå ei rundløype. Stien går nær sjøkanten, og det er mogleg å fiska eller berre å nyta utsikten utover fjorden mot Stord, Tysnes, Halsenøy og Borgundøy. Løypa går i lett kupert terreng. Det er blaute parti, så du bør ha godt skotøy.

Her følgjer litt informasjon om dei ulike typane av kulturminne:

Gravhaugar og gravrøysar

Haugar og røysar, bygde over graver, er nokre av dei vanlegaste typane synlege fornminne.  Både gravhaugar og gravrøyser finst på Vestlandet frå tidleg bronsealder til slutten av vikingtida ( dvs frå ca 1800 f.kr til ca 1050 e.kr). Etter dette vert kristen gravskikk einerådande.

Gravskikken i denne tida syner to hovudformer, skjelettgrava der den døde vart hauglagtutan brenning, og branngrava, der liket vart kremert.

I dag er det fem gravrøyser langs kulturstien på Utbjoa. Tidlegare har det vore minst fire til. Søkka og skadene på gravminna skuldast plyndring som ligg hundre år attende i tid. Skal vi tru på meldingane frå dei som rota i røysene, vart det ikkje funne anna enn gravkistene som no ligg opne for ver og vind. Kistene, eller hellekistene, er laga av både tradisjonell tørrmur og lange heller. Sjølv om vi ikkje veit om funn frå desse fem røysene, så fortel kistene at vi truleg er i folkevandringstida i eldre jernalder, det vil seie perioden 400-550 e.Kr. Det finst eit gravfunn som skal vere frå Utbjoa, men kva røys det låg i veit vi ikkje. Det var ei mannsgrav frå folkevandringstida som inneheldt eit sverd, ein spydspiss av jern og restar av eit skjold.

Helleristningar og skålgropfelt

Helleristningar er bilete av dyr, menneske, ting eller symbolske figurar som er hogne, slipte eller skorne i stein.  

Etter motiva deler gjerne dei norske helleristningane seg i to grupper: veideristningar og jordbruksristningar. Det er berre gjort funn av jordbruksristningar i dette området.

Dei vanlegaste motiva i jordbruksristningane er SKÅLGROPA, ei jamn og lita, gryteforma grop,gjerne frå 2-3 cm og opptil kring 10 cm i tverrmål. Dette motivet har også vore lengst i bruk.

Kulturstien passerer 4 helleristningsfelt og 2 felt med skålgroper i berg.

Helleristningane

Motivaer få, og skipsfigurane dominerer. Elles finst det såkalla solkors, det er ringar med eit kors inni. På det eine feltet ved Hovlandsstøa er ein spesiell figur; den er tolka som ein arm med hand og utstrekte fingrar. Her finst og hogge inn eit par fotsolar. Slike motiv har ein freista å tolka som at ein guddom har vore på staden og sett fotavtrykket sitt. Det finst og fleire figurar som ikkje er tolka.

Skipsfigurmotiva er ulike på dei ulike felta og det fortel at dei vart hogne til ulike tider gjennom heile bronsealderen, det vil seie gjennom 1300 år (1800-500 f.Kr.). Grunnen til at folk hogg inn bilete i berga på Utbjoa var truleg for å ha eit møtepunkt med høgare makter eller gudar. Både motivvalet og utforminga av dei einskilde figurane syner at helleristningane på Utbjoa høyrer heime i ein jordbrukskultur som er sams over heile Nord-Europa. For jordbrukande folk er det nærliggjande å tru at grøderikdom har spela ei viktig rolle.

Skålgropfelta

Langs kulturstien er det to felt med skålgroper, som er hogde inn i berget. Det er interessant at gropene på Utbjoa finst på andre bergflater enn ristningane. Skålgropene opptrer første gong i yngre steinalder(4200-1800 f.Kr.), og eksisterer i ein ubroten tradisjon fram til og med mellomalder (1000-1500 e.Kr.), kan hende og opp til moderne tid. Skålgroper finn ein ofte i støls- og utmarksområde.

Tolkingane av gropene er mange, men det er semje om at gropene var eit reiskap for å kommunisere med høgare makter.

Båtstøer

Ei båtstø er eit båtopptrekk, ein stad der båtane vart trekte opp slik at dei låg trygt for ver og vind. Dette var den vanlege måten å fortøye båtar på før bryggene vart vanlege i førre hundreår.

Det er påvist restar av fire gamle båtstøer bak denne naustrekka i Utbjoavågen. Det er ikkje lett å få auge på dei, dessutan er dei avkutta og delvis øydelagde i framkanten, av naust bygde i nyare tid. No er ingen av dei meir enn 14 meter lange, men opphavleg må dei ha vore lengre. Desse båtstøene skil  seg ut frå andre  funn av båtstøer i kommunen, fordi desse har vore såpass lange og ligg så langt oppe på land. Lengda på ei båtstø fortel ikkje nødvendigvis om kor lang ein båt var, men heller om kor langt opp ein måtte dra båten for at han skulle vere trygg og ikkje reke av eller verte knust av bølgjene.

Kor gamle båtstøene er, kan ikkje lett seiast utan nærare granskingar, men det kan vere god grunn til mistanke om før-reformatorisk alder (før 1537 e. Kr) på båtstøene. Men her har ikkje vore gjort utgravingar, så meir enn mistanke er det førebels ikkje.

Skrive av Ingrid Johannessen

Kjelde: Svein Indrelid. (1991) «Fornminne og fornminnevern i Ølenkommune». Historisk Museum, Universitetet i Bergen