Foto frå Ung messe i Ølen kyrkje april 2023 med dramatisering av bibelforteljing. Det får me oppleva i år også. Foto: Liv-Kari Bødtker

Foto:
Start:
14/4/2024
18:00
Slutt:
14/4/2024
19:00
Pris:

UNG MESSE ved konfirmantane

Tidlegare var det konfirmant-overhøyring, så blei det samtale-gudsteneste og nå inviterer konfirmantane til UNG MESSE for å dela noko av det dei har lært medan dei "gjekk for presten".

Søndag 14. april kl 18:00 i Bjoa kyrkje skal familie og kyrkjelyd få sjå og høyra kva vårens konfirmantkull har arbeidd med saman med Britt Karstensen sidan i haust.

Me får høyra deira tankar om tilgjeving, Jesus, Bibelen, om tru og treeinig Gud, om dåp og nattverd.

Konfirmantane sjølve har vore med og planlagt gudstenesta, og er aktive deltakarar i det meste som skjer.

Kyrkjelyden får også ta aktivt del gjennom m.a. song og bønnevandring med ulike valfrie postar i kyrkjerommet.

Både kateket Britt Karstensen som har hatt konfirmantundervisninga for dette kullet, og vikarprest Sigfred Sørensen er med. Ved orgel/piano sit kantor Solveig Johannessen.

Gled deg til ei flott og annleis gudsteneste i Bjoa kyrkje!

Etter Ung messe er det konfirmantfest for årets konfirmantar og føresette på Bjoa skule med soknerådet som vertskap og fjorårets konfirmant-foreldre som medhjelparar.

Lag knytt til arrangementet

No items found.