Arkivert
Bente S Sandsgård
Foto:

4 plakettvinnarar i Bjoa 4H

Haustfesten i Bjoa 4H gjekk av stabelen på sundag, og gymsalen var full av 4H-arar, familiane deira og andre interesserte. Bjoa 4H sette ein sterk rekord med 4 plakettvinnarar i år. Desse er frå venstre: Sindre Sandsgård, Milde Knutsen, Tor Vee Sandsgård og Frida Sandvik!

Som vanleg stod 4H-medlemmene for underhaldning, matservering og loddsal. Trass i eit arbeidsår som har vore prega av koronarestriksjonar, har Bjoa 4H halde eit imponerande aktivitetsnivå.

Uthaldande aktivitet er eit stikkord for 4H: For å få godkjent årsoppgåva må ein ha vore med på minst 50 % av aktivitetane i klubben.

Plaketten heng veldig høgt: Ein må gjennomføra og få godkjent sju - 7 - prosjektår før fylte 25 år. Plakettvinnarane på Bjoa var alle berre 18 år, så dei har ikkje somla vekk tida.

Bjoa.no er imponert og gratulerer både plakettvinnarane, foreldra, klubbrådgjevarane og klubben!