

Velkomen til badstua i Vedvikjo
Bli medlem her:
Me ønskjer oss flest medlemmer. Derfor er det halv pris for alle medlemmer. Er du student under 30 år, kan du også få studentmedlemskap.
For å bruke badstua er det viktig at du kjenner til reglene for bruk. Me ønskjer derfor helst at du melder deg på ei fellesbadstuetime første gang du besøker badstua. Da vil du lære korleis alt skal gjerast. På bookingprodukta vil det og vere lenke til kjøp av medlemskap slik at du får medlemspris.
Neste gang du skal booke badstua og allereie er medlem, vel du ordinær billett. Når du kjem til betalingssida via Vipps vil systemet sjå at du er medlem, og du vil då automatisk få medlemspris.
Fellesbadstuetimer er nå både onsdagar og laurdagar. Onsdag ettermiddag blei testa ut eit par gangar før jul og startar opp som fast tilbod frå 07.01.2026.
Her kan du booke timer:
Når du har betalt, mottar du ein e-post . Like før timen din vil kode til nøkkelboks bli tilgjengeleg frå bookingsida di. Sjå link i e-posten.
Kjøp gavekort til noen andre
Her kan du enkelt kjøpe gavekort til nokon andre som kan bli glad i varmen. Med gavekortet får du ein kode som du legg inn som betaling på produktet.
Gavekort på medlemsskap i Bjoa Badstua
Om badstua
Badstua står i eit lite skogholt like ved stranda. Me ønskjer at badstua skal stå i Vedvikjo friluftsområde fordi det skal vere eit tilbod for alle som ønskjer å nyte varme og velvære.
Det er skilta til Vedvikjo friluftsområde, og like ved fylkesvegen er det ein stor parkeringsplass. Badstua ligg i enden av badestranda, etter ein kort tur på ca 500 meter frå fylkesvegen.

Bjoa badstua skal drivast av ein frivillig driftsgruppe som har som mål å skapa glede og fellesskap for innbyggjarane på Bjoa. Drifta er basert på dugnad, og alle må bidra. Medlemmene fyrer opp badstueomnen sjølve og vaskar etter bruk. Alle må hente ved og vatn. Driftsgruppa arbeider frivillig. På denne måten kan me halde prisane låge, slik at tilbodet er tilgjengeleg for alle.
Reglar for bruk av badstua




Driftsgruppa består i dag av: Kathrina Håvarstein, Håvard Lothe, Halldis Furre, Valjer Kristoffersen Golias, Gro Johannessen, Jone Basinske, Claudia de Wilde, Sonja Bjørknes og Anne Sofie Sandvik.
Bjoa-badstua er ein vedfyrt badstue med store vindauge, slik at ein kan nyte utsikta mot fjorden og Folgefonna. Badstua er montert på ein tilhengar, men skal etter planen stå fast på denne plassen i to år før ny vurdering. Alle kan bli medlem,og badstua er òg open for ikkje-medlemmar.
Sponsor
Prosjektgruppa har i lang tid jobba med å søkje om midlar for å finansiere prosjektet. Me er utruleg glade for at me til saman har fått 395 000 kr .
Til nå har me fått støtte frå SR-bankstiftinga, Sparebanken Vest, Vindafjord kommune, Yogafarmen, Bjoa sanitetsforening og SØK. Tusen takk!
Me vil og rette ein stor takk til grunneigar Thorleif Stener Stensen for avtale om plassering av badstua på hans grunn. Tusen takk!