Arkivert
Bjoa 4H
Foto:

Amazing Race 2019

Bjoa 4H har gjennomført årets populære rebusløp. Klubben har valt Amazing Race - konseptet fordi det gir oss ei bra  innpakning for eit rebusløp.  Årets løp var det femte i rekkja, og det er stadig like populært hjå dei unge og har nær full deltaking. Laga er sett saman av arrangøren og deltakarane er frå senior til aspirant. Det gir veldig gode føresetnadar for å trene leiar- og lagkunnskap. Samtidig får vi trena på mental meistring og motivasjon. Postane er både fysiske og mentale utfordringar samt generelle spørsmål og svar.  Lengda på løpet er over fem timar, men korkje denne lengda eller prøvelsane på postane er kjent på førehand. Det er ei spesiell oppleving å kjenne at kreftene forsvinn utan at nokon gjev informasjon om kor langt det er til mål eller kva som ventar på neste post. Begeistringa og meistringskjensla er desto større etter løpet. I år er for øvrig Bjoa 4H 50 år.

På vinnarlaget (over) deltok desse: Theodor Vestbø Reimers, Tor Vee Sandsgård (lagleiar), Erlend Tveit, Emi Krøger, Kari Steinsland og Hanna Håvardstein Lothe.

Dalselva var stor og måtte kryssast på wire. Theodor V. Reimers i fart.