Arkivert
EAS
Foto:

100 - åringen på Haugsgjerdet

100-års feiringa på Haugsgjerdet.

I flott ettersommarsver kunne skulehuset Haugsbu høgtida 100-årsdagen sin sist laurdag. Trass i ei fullstappa helg med diverse bygdearrangement andre stader, fann også ein del folk vegen til Haugsgjerdet denne føremiddagen. Her var det nyskriven bursdagssong av vår lokale songstjerne, Anne Lise Brekke Lien, bord og benker ute, grillmat, kiosk, fleire aktivitetsspel, ansiktsmaling og ei song-rebus-løype opp til det flotte utsiktspunktet vårt, Hovda.

Om kvelden var det flott bursdagsfest med inviterte gjester på Haugsbu. Bygdafolk, tidlegare elevar og andre støttespelarar i bygda, dei fleste med fylgje, fylte opp den gamle skulestova. Heile 47 deltakarar (med Haugsbu-styret) hadde sitt “svare strev” med å prata med kjende og ukjende både ute og inne. Det er jo kjekt å treffa att skulekameratar og -venniner og bygdafolk som ein kan hende ikkje har sett på 50-60-70 år. Då blir og lydnivået i den gamle stova, for å sei det mildt: litt høgt.

Kvelden opna med at lagleiaren, underskrivne, fortalde om den særs tunge kampen for å få opp eit skulehus på Haugsgjerdet. Øvrigheita i Ølen skulle absolutt ha det i Kjellasvik. Ein kan vel nesten seia at det gjekk 40 år etter at det vart tala om første gong, til det endeleg stod ferdig i 1922. Då etter å ha tala Ølen imot i åravis og trua med 100 prosent bygdaoppslutnad om at viss ikkje det no kom skulestove på Hauge, så blei det skulestreik!

Etter ein god middag med oksegryte, ris og salat, var det dagens hovedkåsør, tidlegare Haugsbu og pensjonert NRK-mann, John Skien sin tur.

Ein uvanleg flink og engasjert forteljar som fekk godt fram korleis det var å vera ung Haugsbu og skuleelev på 1950-talet. Han hadde samstundes med seg fleire rekvisittar frå den tida som han synte fram etter kvart: Skulebøker, vekeblad, aviser, bilete og mellom anna ein kopi av kor flott lærar Sigmunda Simonsen si skjønskrift var i høve til hans! Ei kjekk, lærerik og morosam stund med han.

Kakebordet var velfyllt. Og dei må ha vore uvanleg gode. For etterpå var folk flest forundra over at det var så lite att!

Den einaste læraren som var tilstades og har skula på Hauge Skule var Kristin Flaato. Ho var uskulert lærar den gong i 1958 og var berre 18 år. Ho fortalde om sine opplevingar frå det skuleåret og hadde berre gode ord å seia om både elevar og foreldre.

Edit Hauge Tveit og Gunhild Rotvold Jonassen var dei to eldste inviterte elevane på festen. Gunhild delte også minne frå skuletida. Det same gjorde Kristian Hauge.

Alle elevar rekkjer ei hand i vêret - 19 elevar (og ein lærar)

Tilskiparen hadde lagt opp til at forsamlinga skulle syngja eit knippe gamle skulesongar. Dei fekk prøvd seg litt. Og hadde tida vore betre og skulestova litt kjølegare denne varme augustkvelden, skulle det vorte sunge mykje meir, etter innsats og lydnivå å døma.

I ei årsmelding for bygdelaget Haugsbu i 1962 gjev styret uttrykk for at mange av gjestene kom altfor seint på kvelden til juletrefesten. Det hadde ikkje nytta på jubileumsfesten for Skulehuset i 2022. Då hadde dei ikkje fått med seg så mykje av underhaldninga og maten. For samtlege gjester heldt ut i 4,5 time, då må det ha vore kjekt! Og det lydest i ettertid at “den harde kjerne” heldt ut i endå nokre timar.

Tusen takk til alle som var med både som kakebakarar, hjelp og som gjester. Og Tusen takk til Bjoa Bygdeutviklingslag v/ Mathias Granberg som var innom med ei kjærkomen bursdagsgåve på kr. 5000,- til Haugsbu !

Takk til alle som kom!

Helsing Haugsbu-styret: Linn Katrine, Rannveig, Øystein, Torgeir og Ernst Arne.