Sunnhordland v/Henrik Mundal Andreassen
Foto:

Bjoabu fekk årets pressepris av Haugesund Journalistlag

Haugesund Journalistlag har sidan 1987 årleg delt ut ein pressepris til ein person som har gjort ein særleg innsats for å letta journalistars tilgang til informasjon, og som har vist media ein velvilje og eit samarbeid utover det yrket og plikter skulle tilseia. I år gjekk denne gjeve prisen til Rune Hetland.

Det er ikkje småtteri juryen listar opp i grunngjevinga for prisen:

— Hetland har jobba for at avisene skal vera klokkeklare på kven dei er til for, nemleg lesarane og innbyggjarane i heile Noregs langstrekte land. Prisvinnaren er ein samfunnsengasjert borgar som er opptatt av levande lokalsamfunn og lokalt engasjement, og for mange år sidan fekk han utløp for dette gjennom sitt journalistiske virke i både regionsavis og lokalaviser. Det same engasjementet for både journalistikken og lokalsamfunnet har han til gagns ført vidare gjennom jobben som generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA) gjennom 25 år

Journalistlaget meiner at både LLA og lokalavisene er prisvinnaren ei stor takk skuldig.

— Som følgje av sitt store engasjement har han klart å opna augo til politikarar og andre som har mykje å seie for rammevilkåra til mediebransjen. Noko som mellom anna viser igjen i fjorårets mediemelding. Uansett farge på regjeringane, har ingen unngått hans, og LLA sitt ustoppelege engasjement for lokalavisene. Dermed har lokalavisene stadig fått meir respekt, og eit velfortent løft i produksjonsstøtta, meiner Haugesund Journalistlag.

Rune er vaksen opp på Bjoa, men har i mesteparten av sitt vaksne liv budd i Vikebygd.  

Bjoa.no gratulerer!