Arkivert
Foto:

Sal av boka om bureising og bondeliv i Bjoadalen

Ei vakker, interessant og til tider personleg bok, årets "må ha" for alle med røter til Bjoabygda!

Ved direkte kjøp av boknemnda kostar boka kr 390 + eventuell frakt. (Bokhandel 450,-) Boka får du kjøpt:

  • Bjoa boksamling måndagar kl 17-19 (då kan abonnentar også henta gratis SØK-bok)
  • Privat hos Ingrid Steinsland 481 34 862, Ernst Arne Sælevik 418 56 251, Liv-Kari Bødtker 415 49 252, Torhild Hanssen, Tunge 477 56 064
  • Joker Vikebygd
  • Boka kan også bestillast via https://forms.gle/MyGrt4YGu3GWudos8 eller bureisingsboka@gmail.com.

Me prøver ordna levering i lokalområdet og sender elles per post med portotillegg på fakturaen.

Boka er også for sal hos bokhandlane i Ølen, Etne og Aksdal .

........................

I år er det hundre år sidan bureisarane starta opp i Bjoadalen. Dette var eit fint høve til å få skrive ned historia om desse framsynte og modige menneskja, som pakka det vesle dei hadde og flytta ut i veglaus myr, for å prøva og skapa seg eit liv på eigen gard. På 20-talet la staten til rette for bureising for å demma opp for utvandring til Amerika, og for å få opp matproduksjonen etter første verdskrigen. Av dei mange prosjekta som vart sette i sving, var bureisinga på Bjoa av dei mest vellukka.  

Boka fortel historia om kvart enkelt av dei 14 bureisingsbrukai dalen, om personane, arbeid, samhald, knallhardt strev og stubbar frå gode og vonde dagar frå oppstarten og fram til i dag. Ein sjølvoppnemnd redaksjon har stått for skriving og redigering: Ingrid Steinsland, Ernst Arne Sælevik, Liv-Kari Bødtker og Torhild Hanssen, Tunge, men alle gardane har vore involverte i å skaffa bilete og opplysningar og godkjent det endeleg manuset om sitt bruk. Ein god del av stoffet er ført i pennen av bureisarane sjølve og andre som vaks opp i dalen.