Arkivert
Elin Arianson
Foto:

Bord og benker til utlån!

Bjoa Bygdeutviklingslag (BBU) har 13 bord og 26 benker til utlån. Borda og benkene blei laga på dugnad for mange år sidan, finansiert av midler som blei skaffa då me hadde bygdeutviklingsprosjekt tidleg på 2000-talet. Dette er såleis felleseige i bygda og me har fått ny lagringsplass til desse i kjellaren på Helsehuset. Dersom du treng bord og benker til hageselskapet, nyttårsfesten, slektsstemnet, vennelag eller noko anna kjekt, kan du no låne dette. Det er solide bord og benker, laga i impregnert materiale, så dei passar godt ute eller i litt røffe omgjevnader.

Følgjande vilkår gjeld:

- Den som vil låne bord og benker tar kontakt med Ida Solheim (mobil 95893154) og avtaler kor mange bord/benker ein vil låne og kva tid.

- Lånetakar må sjølv hente og bringe borda og benkene frå/til Helsehuskjellaren.

- Bord og benker kan tidlegast hentast 2 dagar før arrangementet og skal vera på plass igjen seinast 2 dagar etter arrangementet.

- Det er gratis å låne bord og benker så lenge arrangementet er på Bjoa.

- Ved arrangement utanfor Bjoa skal det betalast leige til BBU etter faste satsar.

Kjellardøra til Helsehuset.