Arkivert
Foto:

Gjensyn med gamle Bjoanett

Bjoanett vart etablert i år 2000, og det var ei stor lokal nyvinning. Sentrale eldsjeler drog nettstaden i gong, Kristian, Jarle, Torbjørn og ikkje minst Marit, som blei redaktøren med stor R og heldt nettsida gåande i mange år.

Bjoanett tilhøyrer steinalderen i den digitale verda, og bjoa.no har blitt ein tidsrett og moderne arvtakar. Bygdeutviklingslaget har sikra seg alt stoffet som ligg på bjoanett, og framover vil det bli lagt ut litt gamle klipp under topplinjemenyen: Arkiv.

Ernst Arne går gjennom det store materialet, og har du ønskje om eit spesielt oppslag, kan du kontakta han.