Arkivert
EA
Foto:

GOD JUL TIL ALLE!

Kjære Bjoabu.

Takk for at du er her.

Akkurat her. På Bjoa.

Omgitt av fjord og fjell, bakkar og skog.

Takk for at du smiler når eg møter deg, eller du møter nokon andre.

Takk for at du tar deg tid til ein liten drøs med naboen, eller tar ein telefonsamtale til nokon som set pris på det. Takk for at du gir ei hjelpande hand når du ser nokon

treng det. Takk for at du tari mot hjelp når du sjølv treng det.

Takk for at du hjelper til ved arrangement, kjøper lodd ved basarar, tar din tørn når det er trong for det. Som vertskap elle rdeltakar ved samlingar på Helsehuset, eller på

biblioteket, eller ved dei ulike aktivitetane for barn, unge og eldre. Eller at du stiller opp på dugnader.  Deltar når det skjer noko. Lyttar til andre. Eller noko anna.  

Takk for at du snakkar fint om bygda vår.

Dette året har særleg vist oss at vi treng kvarandre.

Her er plass nok til alle. Bruk for alle.

Vi er alle ein del av Bjoa. Små og store, unge og gamle. Kvar einaste ein.

Takk skal du ha kjære Bjoabu!

Vi ønskjer kvar einaste Bjoabu ei riktig god jul og eit godt nyttår !

Helsing styret i Bjoa Bygdeutviklingslag