Arkivert
Gunnar Dalen
Foto:

Innhaldsrik bygdakafè

Det blei triveleg og folksomt på Helsehuset mandag kveld. Bygdakaféen som Bjoa Bygdeutviklingslag (BBU) arrangerte, blei ein triveleg og innhaldsrik kveld for dei 35 som møtte fram. Leiar Harald Hetland ynskte velkommen og så gjekk det slag i slag med informasjon rundt tema som på førehand var varsla gjennom invitasjonar i postkassane til alle i bygda.

Den nye og den avtroppande kommunestyrerepresentanten for Bjoa Bygdeliste orienterte om den politiske situasjonen i kommunen, kva som er gjort og oppnådd gjennom siste valperiode og kva utfordringar vi står framfor i den nye perioden. Bjoa Bygdeliste (BBL) fekk rekordmange røyster ved valet, og det er gledeleg å sjå at BBL også fekk mange stemmer i andre krinsar enn Bjoa.

Kristian Resset er BBL sin nye representant, og det nye kommunestyret har konstituerande møte 22.oktober. Kristian oppsummerte valkampen og peika på at kommuneøkonomien og vindkraftsaka truleg var tema som gjorde utslag for valresultatet. Trass i godt valresultat er ikkje BBL med i fleirtalskoalisjonen i kommande periode. BBL går i opposisjon i lag med Høgre, SV, MDG og FRP.   BBL inngår eit valteknisk samarbeid med dei andre opposisjonspartia og har håp om å få leiarvervet i Kontrollutvalet.

Når det gjeld utfordringane i kommuneøkonomien la Kristian vekt på at ein må få fram presise fakta om kva problemet består i og kor overforbruket er. Først då kan ein gå inn og sjå på korleis ein kan gjera reelle innsparingar. "Bruk av sparekniven i blinde er både farleg og vil neppe gi varige innsparingar", sa han. Han meiner ein må vera budd på at nokon vil komme med framlegg om nedlegging av skular og at det då blir viktig å synleggjera at det er lite å spare på dette sett i ein heilskap.

Kjartan Innbjo som har vore BBL sin representant i 3 periodar (12 år), har i den siste perioden vore varamann til formannskapet og leiar for Utval for drift, utvikling og kultur (DUK). Han oppsummerte kva saker som har vore viktige for Bjoa den siste perioden, og la vekt på at det er viktig å forstå kva det betyr for heile kommunen at det er levande bygder i alle deler av kommunen. Han slo fast at barnehage og skule er eit minimum for at bygdene skal vera levande og ha tiltrekningskraft på nye innbyggjarar.

Harald Hetland takka Kjartan  for det store og engasjerte arbeidet han har lagt ned gjennom tre periodar i kommunestyret, og i tillegg til velfortent skryt fekk Kjartan ei korg med blomar og stor applaus.

Gunnar Dalen informerte om prosessen med å gi bort gamleskulen. Huset er registrert med verneverdi og det må derfor godkjenning til for demontering og flytting. Det har vore kontakt med lokale foreiningar og museum, og det har vore annonsert på finn.no. Mange har vist interesse, og nå sit ein igjen med to seriøse interessentar i distriktet (Voss og Tysnes). I tillegg har interessentar reist heilt frå Oslo for å sjå nærare på huset. Dei som skal overta huset må ha ein god gjenbruksplan inkl. demontering, flytting og gjenreising. Det blir behov for litt dugnad i samband med demontering og oppryddinga etterpå. Gunnar håpar på at me kan komme fram til ei avgjerd for framtida til gamleskulen om ikkje altfor lenge.

Harald Hetland orienterte om utlyste SØK-midlar. BBU har 3 større prosjekt på planen for søknadsmidler. Søknadsfristen er 1. oktober og søknaden er førebudd. Det blei likevel opna for å komme fram med fleire idear og prosjekt.

Dei planlagte prosjekta er

1.    Oppgradering og innreiing av møterom og kjøkken i kjellaren i gymbygget. Prosjektet er i regi av 4H som i lag med boksamlinga bruker lokala til møte og aktivitetar. Kostnadsramma er sett til 120 000 kr for møterommet + 40 000 kr for kjøkkenet.

2.    Kulturstien på Utbjoa. Prosjektet har eit mål om å gjera kulturstien tilgjengeleg for barnevogner og rullestolar. Det er planlagt ein tursti med om lag 2 m bredde. Grunna dei mange kulturminna i området er det ei utfordring å få lov til å gjera noko i landskapet her. Prosjektgruppa som jobbar med saka, har innhenta løyve frå grunneigarane og har dialog med kommunen og fylket. Dei siste har også vore på synfaring. No ønskjer ein i første omgangå arbeide for å få lage turvegen frå Utbjoakaien og fram til området tvers ovanfor fyret. Traseen vil følgje nokolunde den traseen som kulturstien har idag, men med nokre omleggingar for å gjera stien lettare framkommeleg. I tillegg ønskjer ein å komme nærare sjøen for ei betre oppleving for brukarane. I første omgang må det lagast nøyaktig utrekning av nødvendige inngrep i naturen og innteikning på kart. Prosjektgruppa har gått opp den nye traseen og har hyrt inn kompetanse for vidare planarbeid.

3.    Gardavika er det største prosjektet som er på planen. Dette er i samarbeid med Friluftsrådet. Gardavika er statleg eigedom og kommunen har bygsla tomta som hytta står på. På forrige bygdakafe blei det vist skisser for eit nytt bygg, og den skissa som det blei fleirtal, er grunnlaget for arbeidet vidare. Det er søkt om rivingsløyve for den gamle hytta. Kostnadsramma for prosjektet er om lag 700 000 kr. Det er søkt Sparebankstifitnga om midlar. Prosjektet vil også ha bruk for dugnadsinnsats. Friluftsrådet vil ta ansvar for drift og vedlikehald av det nye bygget. Det er ønskeleg å komme i gang med riving av gamlehytta i haust, alternativt blir det riving til våren. Det nye bygget treng eit namn og det kom forslag som Utestove, Friluftshytte og Gardavik spa.

Gunnar Dalen orienterte om nettsida bjoa.no. Det skjer stadig forbetringar, og no er det snart klart for den etterlengta kalenderfunksjonen. Det er svært viktig og ønskeleg at flest mogeleg bidrar med idear og lokalt stoff. Ernst Arne Sælevik har skrive om Haugsgjerdet og tilsvarande er det bruk for omtale om Innbjoa og Utbjoa. Alle lokale arrangement bør meldast inn slik at dei kjem med i kalenderen. Då blir sida ein viktig reiskap for alle når ein skal planlegga arrangement og unngå «kollisjonar». Oppfordringa er å gå inn på bjoa.no og bruke «meld inn»-knappen for nye saker eller senda stoff og tips til post@bjoa.no

Sanitetsforeningen serverte smørbrød og kaker i pausen og på skjermen blei det også høve til å følgje med på brørne Ingebrigtsen i VM 5000 m

Kommunalsjef Anne Sofie Sandvik orienterte om Vakre Vindafjord og om Bustadundersøkinga/bustadanalysen som er gjort i Vindafjord. Mykje aktuell og viktig informasjon!

Ho trekte fram Handlebussen som ei viktig og vellukka sak i prosjektet Vakre Vindafjord. Sidan oppstarten i februar 2019 har det kvar gong vore 7-14 personar som har blitt med handlebussen. Totalt er det 25 ulike personar som brukar tilbodet med handlebuss frå Bjoa til Vikebygd. Det var i starten eit prøveprosjekt fram til august i år, men er no forlenga ut 2019 og det blir arbeida med å finne ei meir varigløysing for tiltaket. Tilsvarande tiltak er også etablert i Imsland.

Linn Gjerde minna om Julemarknad som er laurdag 7.desember. Det er Kathrina Håvardstein som er leiar for marknaden i år. Det er trong for fleire til å delta i dugnad rundt julemarknaden, særleg trengst det meir hjelp med opprydninga. Ta kontakt med Kathrina dersom du har lyst til å bidra med noko.

 

Elin Arianson ref.