Arkivert
Nils Reimers
Foto:

kr 50.000,- til Bjoa 4H

SR-Bank fondet har gitt kr 50.000,- til Bjoa 4H for å oppgradere Bygdasenteret (kjellaren under gymsalen) med gang, rominndeling og teppefliser. SR-Bank oppmodar oss til å søke meir midlar til dette formålet etter kvart. Prosjektet skal skape ein sentral møteplass i bygda, vegg-i-vegg med biblioteket. Etter at Drøsestova blei stengt er dei unge på Bjoa utan møtestad. Dei har i staden trekt heim til seg sjølv og datamaskina. Bjoa 4H har førstehands kunnskap om denne negative utviklinga og klubben har difor tatt initiativ til å få på plass ein ny, eigna møtestad som kan nyttast til ymse sosiale aktivitetar fleire gonger i veka - utan at ein treng å binde opp kjøkken og gymsal. Lokala skal i tråd med samarbeidsavtalen for kjellaren altså vera til nytte for alle lag i bygda. Husstyret var først ute og løyvde 15.000 til prosjektet. Ein søknad av større storleik er sendt til Bjoa Bygdeutviklingslag. Positivt svar på denne søknaden er avgjerande for å kome i gang.‍