Arkivert
gd
Foto:

Nytt liv for Gamleskulen

Gamleskulen på Bjoa blei reist i 1871 og tente bygda godt som skule i om lag 90 år. Ein omreisande bygdeskulesnikker reiste bygget, og han fekk 400 speciedalar i betaling. Huset låg då kloss inntil vegen, og skuletroppa gjekk rett ut på vegbanen. Skuleplassen var like mykje ute på vegen som den var bak skulen. Etter kvart som trafikken auka på, blei dette eit problem. Løysinga blei å flytta heile huset om lag 12 meter bakover. Huskroppen blei jekka opp, og to kraftige H-bjelkar vart lagt under huset og fram til ein ny grunnmur. Med hjelp av ein Brøyt på kvar side, blei huset med skorstein og inventar flytta sakte over på den nye grunnmuren.

Sigmund Tveit nemner at m.a. Konrad Nymark, Johannes Sørensen, Edvart Hetland og han sjølv var med på arbeidet. Arnfinn Vølstad var også med og smurde grønsåpe på sliskene som huset glei på. Han hugsar at i tillegg til dei Sigmund nemner, var Bjarne Sørås, Johannes Nygård, Ingvard Steinsland, Sigmund Skoge, Olav Tørresdal og Arthur Christensen med. Peder Fosse var også med, saman med sonen Per.  Han hugsar at Edvart Hetland svinga sleggja nederst på pipa, for å få den til å følgja godviljug med på ferda. Flyttinga var nok ei temmeleg spektakulær hending, og det blei tatt ein filmsnutt av arbeidet. Bjoa.no vil prøva å få lagt den ut her seinare.

Me er også interesserte i om andre har heilt vanlege bilete frå skulen. Ta kontakt på <post@bjoa.no>

Etter at den nye skulen tok over, stod huset tomt ei tid før Bjoa Saum starta syverkstad. Litt oppgradering vart gjort og mange kjeledressar var sydde i den gamle skulestova. Seinare tok Bjoa 4H over og nytta skulen som klubblokale i mange år. Etter at dei flytta møta sine til kjellaren i Gymbygget, har det vore liten aktivitet i huset. På ein bygdekafe i 2018 tok Bygdeutviklingslaget opp spørsmålet om framtida for gamleskulen, og fekk støtte for eit forslag om å prøva å få einkvan til å overta og bruka bygget - anten på staden eller flytta det. Det melde seg ein god del interessentar, og ekteparet Kjersti Sandvik og Knut Børve leverte den beste søknaden. Dei har lova å ta vare på huset og gi det eit nytt liv som kjernen i ei ny hytte som dei skal byggja på Blåberg i Blefjell-området, om lag ein times kjøring nord for Kongsberg.

Eternittaket blei tatt ned før helga, og dermed var det klart for Kjersti og Knut til å starta med demonteringa. Då bjoa.no var nede og snakka med dei, var mykje gjort og ein kranbil med spesialutstyr er venta ein av dagane for å ta ned tømmerkassen og frakta materialane over fjellet.

Fredagsmorgon var jobben gjort.

Dei nye eigarane har etablert ei side på facebook: "Skolestua fra Innbjoa". Ved å bruka søkefunksjonen på det namnet, finn du sida og kan følgja skulen på den vidare ferd.

Ekteparet har lova ein kopp kaffi til alle Bjoabuar som har lyst å koma og sjå på Gamleskulen som hytte om nokre år.

Mange Bjoabuar har vore innom og kikka inn i klasserommet den siste veka, seier Kjersti. Det er litt vemodig å seia farvel til ein slik bygning som har stått på Bjoa og hatt viktige funksjonar i 150 år, men det er også godt å vita at huset nå får ein ny funksjon og vert teken vare på i nye 150 år.

Bjoa.no ønskjer lukke til!