Arkivert
Herman Westerman
Foto:

Opning av turstien rundt Bjoavatnet


Turveg-prosjektet har vore spennande på mange måtar. Ein turveg rundt vatnet var lenge berre ein ide. Kjekt at Idrettslaget tente på ideen då den blei løfta opp og ut! Det var i 2013. Det blei sett ned ei prosjektgruppe der IngridJohannessen, Sigfred Tveit og Sven Kleppa var med.  Også Åshild Eikehaugen og Cecilie Tønnessen og Agnar Naustdal har tidvis vore med.
Frå planlegging til gjennomføring har det bokstaveleg talt vore ein lang veg å gå. Det er mykje som skal på plass før ein kan gå i gang med bygging. Nødvendige avtalar med grunneigarane, godkjenning frå offentlege mynde og ikkje minst finansiering, men nå er me endeleg i mål!

Idrettslaget vil først av alt takka grunneigarane som ein har fått avtalar med. Det er Elin Vestbø heilt i nordre enden, så er det garden Eikehaugen, tidlegare og nåverande eigarar, Erling Tredal og i sør og på den lengste strekningen Karl Vestbø. Utan grunneigarane sin velvilje hadde ikkje prosjektet kunna gjennom førast verken praktisk eller økonomisk. Ein var nemnleg heilt avhengig av tinglyste grunneigaravtalar for å kunne få spelemidlar.

Dette har vore eit stort økonomisk prosjekt for idrettslaget, truleg det største nokon sinne i kroner og øre. Turvegen er kostnadsrekna til 2,1 mill kr. I tillegg kjem dugnaden som er gjort. Me får 1 mill i spelemidler, men Idrettslaget brukar ein god del eigenkapital i prosjektet. Pengar som er nytta på turvegen  kjem i alle fall heile bygda til gode.

Idrettslaget vil takka alle bidragsyterar. Me har fått uvurderleg støtte og tilskudd frå Gjensidigestiftelsen, Vindafjord Arbeidsgjevar Forum, Sparebankstiftelsen SR-bank og Etne Sparebank. Itillegg har Bjoa bygdeutviklingslag bidratt med økonomisk støtte. Sist men ikkje minst har det vore kjekt at Sanitetsforeningen og Myraklubben ville sponse med innkjøp av bord med benker. Og nokon i Apalvikfeltet har spleisa på ei bålpanne. Kjempe flott!!

Tusen takk og til alle som har vore med på dugnad!
Det er gjort ein stor dugnadsinnsats. Det har vore flinke og arbeidsomme folksom i ledige stunder har bidratt. Nokon meir enn andre, men alt har betydd så mykje.  Det har gått med utruleg mange dugnadstimar frå me starta våren 2018, til det var klart for maskinarbeid våren 2019.

Tveit Maskin har gjort eit flott arbeid som me er svært godt fornøgd med. Turvegen ligg fint i terrenget og han går litt opp og ned og svingar seg her og der. God landskaps tilpassing, det er sånn me vil ha det, takk forkjempe fint arbeid. Det må også seiast at me har vore heldige, me fekk fint og tørt ver nesten heile tida mens arbeidet stod på. Det er alltid kjekt å ha i ein anleggsperiode, men ekstra viktig her som me arbeider rundt eit drikkevatn.

Bjoabuen har allereie begynt å ta turvegen i bruk. Akkurat nå har det nyhetensinteresse, men idrettslaget ønskjer at dette skal bli ein møteplass for store og små, gamle og unge i bygda vår. Med bord og benker på plass er det lagt tilrette for ein kvil på vegen.

Me har fått ein postkasse av kommunen. I den ligg ei turbok, slik at folk kan skrive seg inn i boka og me får ein god dokumentasjon på bruken av vegen.
Postkassen kan også nyttast som forslagskasse, dersom nokon har ønskjer og  idear til aktivitetar langs løypa.

Me dette ønskjer Bjoa idrettslag GOD TUR!

Tekst: Ingrid Johannesen.