Arkivert
EAS
Foto:

Risdyrking på Gråhorgjo?

Auren i Krokavatnet på Gråhorgjo har greidd seg fint etter utsettinga for snart 3 år sidan. Mange har sett vâk på vatnet, og i sommar har det også vore litt prøvefiske - etter prinsippet; fang og slepp uti igjen. Fisken er i god kondisjon og har vakse mykje, seier lokale ekspertar.

Men for å etablera ei varig stamme må det vera eigna plasser for gyting i rennande vatn og som har det rette underlaget. Nå er det ikkje så mange vassdrag som fører ut i Krokavatnet, og det er også så som så med eigna underlag.

Eit av dei beste alternativa er bekken som renn inn i vatnet i den austre enden. Ei entusiastisk gruppe under leiing av BBU sin fiskerigeneral Geir Toadalen tok fatt på oppreinsking av bekken i det fine sommarvêret. Bekken har fått namnet Gytebekkjen, og nå er det berre å håpa at auren forstår teikninga. Oppreinskinga avdekka eit brukbart bekkeløp på ca. 50 meter.

Fiskerigeneral Toadalen vil ikkje utelata at det må til litt meir dugnad med utlegging av høveleg gytegrunnlag, dvs. grus og singel av høveleg storleik.

Så kan det kanskje bli meir enn prøvefiske frå neste år....