Arkivert
Grannar
Foto:

Sanitetslaga med viktig gåve i ei vanskeleg tid

Ny teknologi til hjelp i ei vanskeleg tid

Etter utbrotet av korona-sykja Covid 19 har det blitt innført mange tiltak og restriksjonar. Eit av smitteverntiltaka er å gi ekstra vern til utsette grupper, og dei som bur på omsorgssentra er ei slik gruppe. Dette medfører bl.a. at dei ikkje lenger kan ta i mot besøk som før, noko som er svært sakneleg både for brukarane og familiane deira.

Ny teknologi kan avhjelpa litt og skapa nye kanalar for kontakt.  Etne Røde Kors delte nyleg ut 5 nettbrett til dei som bur på omsorgssentra i Etne kommune. Dette fanga leiaren i Bjoa Sanitetsforening, Liv Kari Bødtker opp. Ho kasta seg rundt og kontakta sanitetslaga i Ølen, Bjoa, Sandeid og Vikedal for å få dei med på laget slik at dei som bur på omsorgssentra i Vindafjord kunne få eit liknande tilbod.

– Me følte at me trong å gjera noko i denne situasjonen og alle tente på ideen, seier Liv Kari til Bjoa.no. Vikedal Sanitetsforening som er i ferd med å bli avvikla, stilte til dømes opp med sine siste kroner.  Til saman kom spleiselaget på vel 22 000 kr.

Resultatet av nettbrettdugnaden blei 5 flunkande nye nettbrett som kunne delast ut til Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet, der Ølen fekk to brett og Vindafjordtunet i Vats fekk tre.

Kjærkomen og nyttig gåve

Den nyttige og rause gåva blei godt motteken, og styrar Kitty Soltvedt ved Ølen omsorgssenter var raus med godorda då ho tok i mot gåva frå representantar frå sanitetsforeningane på Bjoa, Ølen og Sandeid.

- Dette er kjempeflott. Me er veldig glad for dette. Me hadde eigentleg planar om å kjøpa nettbrett til bruk på sjukeheimen, men hadde ikkje budsjett til det i år, seier Soltvedt til Grannar. Dette er til stor hjelp for både brukarar og pårørande, og vil koma til nytte lenge etter at koronautbrotet er ferdig. Med denne teknologien kan ein snakka med kvarandre ofte sjølv om ein bur langt frå kvarandre, seier ho.

Ein av brukarane seier til Grannar:

- Dette var ei veldig flott gåve og  dette kjem eg nok til å bruka mykje i framtida. Eg har barn og barnebarn som eg nå kan snakka med når eg har lyst, seier ho nøgd.

Bjoa.no gratulerer omsorgssentra med nye kontaktflater og Bjoa Sanitetsforening med gode gjerningar! Håpar det gode eksempelet smittar lett!