Arkivert
gd
Foto:

Startsignal for ny utestove i Gardavikjo

Den gamle hytta i Gardavikjo har sett sine beste dagar, og Friluftsrådet Vest og Bjoa Bygdeutviklingslag vil nå gi brukarane av Gardavikjo eit nytt og langt betre tilbod.

På same tomta som den nåverande hytta er det meininga å reisa ein ny, men annleis bygning. Den nye bygningen vil vera delvis open på framsida, som ein gapahuk, men romslegare og med sitjeplasser og bålplass inne. I ruskevêr og på vinterstid skal det vera mogleg å skjerma opninga og laga innerommet lunare. Utkast til nybygget kan du sjå nedanfor. Arbeidstittelen er utestove, men me leitar framleis etter eit perfekt namn på bygningen.

Arbeidet vil starta med tømming av hytta for inventar og riving etter påske i år. Folk som har interesse av fine møbler av gammal årgang, bør følgja med på bjoa.no, når BBU arrangerer tømmedag, auksjon og hagefest i Gardavikjo ein gong i vår.

Deretter blir det riving. Me er opptekne av å nytta opp at deler av tømra frå den gamle hytta, så langt det let seg gjera. Bjoa Bygdeutviklingslag skal delta med dugnad både med rivinga og bygginga, og me ber interesserte melda seg til Harald Hetland, tlf. 416 32 774.

Dagleg leiar Oddvin Øvernes i Friluftsrådet og leiar Harald Hetland i BBU

Noverande utkast til utestove / grillhytte i Gardavikjo