Arkivert
Foto:

Strålande jubileumsfeiring for Saniteten

I strålande maivær var Bjoa Sanitetsforening knallklare til å feira 125-årsjubileumet til Noregs største kvinneorganisasjon.

Første post på programmet var open for alle: Aktivitetsløype med postar med informasjon, spørsmål og aktivitetar knytt til Saniteten lokalt og sentralt. Midt i løypa stod «Elvis» alias Emil Tysse Andersen og song for alle som passerte, og nokre naboar trekte bort til huset og nytte utekonserten.  Ved målgang fekk deltakarane is og kaffi/saft, og folk samla seg i sola for å preika og venta på premieutdelinga. Den heldige vinnaren blei Linn Gjerde.

Dei unge ber arven vidare

"Kløverstafetten" er ein del av jubileumsmarkeringa. Ein stafettpinne vandrar mellom landets foreningar, og skal enda opp i Tromsø til landsmøtet i september. Bjoa skulle "veksla" med Tysvær sanitetsforening, og dei hadde lagt søndagsturen til oss for å overrekka stafettpinnen. Ellen Grønning frå fylkesstyret i NKS Rogaland var også med. Gjestene ankom, og etter velkomst og beinstrekk i maisola, kom «Elvis» og song eit par svingande nummer for oss.

Feiringa fortsette innandørs, nå berre for gjestene og eigne medlemmer med familie. Det var stas å visa dei ca 30 festemte deltakarar inn i dei nyoppussa lokala i huset.

Leiar Liv-Kari Bødtker framførte jubileumsprolog skriven av mamma Liv Hanssen og henne sjølv. Tysvær overrekte stafettpinnen, og Bjoas yngste medlem, Ida Solheim-Gangstø 31 år, tok i mot. Ho takka og sa mellom anna: - Som ung kvinne og mor, syns eg det er betryggande at det finns ei slik foreining som gjer så mykje godt arbeid for barn og unge, som stiller opp i krisesituasjonar i lokalsamfunn og som ikkje minst kjempar for kvinnehelse. Som sjukepleiar syns eg det er fantastisk og imponerande å sjå alt det arbeidet sanitetskvinnene har lagt ned for å bane veg for oss som jobbar med desse tinga i moderne tid.

Engasjerte medlemmer av styret på Bjoa fortalde gjestene om huset og aktivitetar foreininga vår står for. Jubileumskake og kaffi blei servert. Ei hyggeleg stund før medlemmer av Bjoa-styret hasta vidare til neste del av feiringa.

Fungerande ordførar rosa sanitetskvinnene

Bjoa hadde nemleg invitert med foreiningane frå Ølen og Sandeid og fungerande ordførar Tove Elise Madland for å gå stafettpinnen siste etappe i Rogaland over grensa til Vestland fylke. Ein fantastisk flott (og varm) tur frå Idrettshallen langs postvegen til Fikse i strålande ver og blomstrande natur. På Vaffelhytta venta nokre av dei eldste medlemmene og sanitetsdamer frå Ølen som tok i mot. Liv-Kari Bødtker framførte prologen for nytt publikum, før Bjoas eldste medlem, Liv Hanssen 91 år, beæra og rørt leverte stafettpinnen symbolsk videre til neste fylke.

Ordføraren bar fram ei flott og grunngjeven helsing og takk til kommunens Sanitetskvinner. -  Vindafjord kommune vil takke dykk spesielt for det arbeidet de legg ned for eldre og yngre, - for å sjå, høyra og møta ung og gammal. De spør aldri - de stiller opp!

Ølen SL diska opp med nysteikte vafler i kveldssola og drøsen gjekk og la grunnlag for meir samarbeid mellom foreiningane.

Veksling på Føyno

Den faktiske overleveringa til Vestland fylke skjedde neste dag, då Ingrid Charlotte Søndenaa frå Bjoa overleverte stafettpinnen og minneboka til Søre Neset Sanitetsforening frå Os. Lykke til, Vestland!

Innsamling til ny hjartestartar

Bjoa Sanitetsforening si jubileumsgåve til bygda er ein innsamlingsaksjon til innkjøp av ny hjartestartar med skap som held rett temperatur året rundt. Startaren som heng på Helsehuset, har gammal teknologi, dårleg batteri og slit med å halda på straumen i kuldeperiodar. Foreninga sjølv starta med å gi kr 10.000 til formålet! Frivillig startkontingent på aktivitetsløypa gjekk også til innsamlinga. Då dagen var omme, var innsamlinga kommen opp i ca 18.000 av eit mål på 30.000. Ein knallstart, men det er enno trong for bidrag for å å finansiera ny startar og gjera bygda til ein tryggare plass.

Du kan donera via https://www.spleis.no/project/176750, Vippsa til 122008 og merka det Hjartestartar eller overføra direkte til Hjertestartarkontoen 3330.23.75815.

Nokre av arrangementskomiteen i sola medan dei ventar på deltakarane. F. v. Liv-Kari Bødtker, Marit Hjellestad, Marlen Bødtker, Ingrid Chr. Søndenaa og Bente S. Sandsgård
Første post i aktivitetsløypa var å prøva hjartekompresjon. Viktig medan du ventar på at ambulansepersonell og/eller hjartestartar skal komma på plass. F.v. Jonathan, Cecilie og Ole Sebastian Tønnesen-Vestbø, Bente S. Sandsgård instruerer.
Overrasking langs løypa: "Elvis-konsert" under balkongen. Naboane samla seg rundt og høyrde på Emil Tysse Andersen som stilte opp gratis for sanitetskvinnene!
Aasta Hjellestad, 89 år, var den eldste som fullførte aktivitetsløypa; - ein runde ho gjerne går dagleg!
Eldste medlem på Bjoa og tidlegare leiar i mange år, Liv Hanssen, fekk æra av å senda stafettpinnen vidare til Vestland fylke
GOdt lag på Fikse: F.v. leiar i Ølen Sanitetslag Else Fosso, fungerande ordførar Tove Elise Madland, leiar i Bjoa Sanitetsforening Liv-Kari Bødtker og leiar i Sandeid Sanitetsforening Jorunn Stople.
Triveleg møte då Ingrid Ch. Søndenaa sende stafettpinnen vidare til første foreninga i Vestland fylke.