Arkivert
GD
Foto:

Tømmereksport frå Utbjoa

Det blei planta mykje skog i bygdane våre frå 1950-åra og frametter. Store verdiar har vakse fram i liane og mykje CO2 har blitt fanga i skogen. Mange av desse felta er nå hogstmogne, og det er stor aktivitet med motorsag og hogstmaskinar.

I 2019 blei det skipa ut heile 8683 m3 tømmer frå Vindafjord Skogeigarlag sin tømmerkai på Utbjoa. I tillegg blei det skipa ut 9565 m3 frå AT Skog sin tømmerkai på Søndenåneset i Vikedal og 7566 m3 frå Arriva Shipping sin kai på Kåta. Til saman utgjer dette store verdiar for grunneigarane og resten av den skogbaserte verdikjeda.

I det grøne skiftet er CO2-bindinga i skogane våre eit viktig bidrag, og i tillegg skaper skogen verdiar og arbeidsplasser. Tømmeret hamnar både hos norske og utanlandske kjøparar, opplyser AT Skog til bjoa.no.