Arkivert
gd
Foto:

Turvegen klar for å kryssa Dalselva

Turvegprosjektet mellom Bakkafossen i Vikebygd og Dalaskuret på Bjoa har gått raskt unna i det fine arbeidsvêret. I dag blei det rydda i vegtraseen på Bjoasida.

Nå står elvekryssinga for tur, og då står det berre att å laga ein liten vegstubb opp til Baslivegen før vegane på kvar side av elva heng saman.

Grusing av vegane og konstruksjon av sjølve brua kjem også etter kvart.

Tveit Maskin lagar vegen og skogafolk frå Legria står for rydding av traseen. Vegmassane kjem frå Ståle Jordal, så det meste er kortreist.

Det er fint sko- og skiføre på Baslivegen, så bjoa.no slår eit slag for å ta ein tur og forveta seg litt!