Arkivert
Foto:

Vadhytto - eit flott turmål for alle

Vadhytto er nå heilt ferdig, og dermed har turfolk i alle aldrar og ulik kondisjon fått eit flott og nært alternativ. Hytta ligg ved Svorindsvad, der den gamle vegen frå Tonjen til Ølensvåg kryssar Ølselva. Turen frå Bjoa startar på parkeringsplassen ved Gautehidleren, der Bjoalio og Kolbeinshauglio møtest. Turen går innover Ølsdalen på fin skogsveg, og dei fleste vil nå hytto på om lag ein halv time.

Hytta sett frå aust

Ute er det bålpanne og benker, og inne er det lesekrok og vedomn. Hytta er utstyrt med store glas, som gir eit luftig og lyst interiør, sjølv om grunnflata er liten.

Hugs å ta av skor og støvlar før du går inn!

Tilsyn av hytta

Bjoa Bygdeutviklingslag og Grendelaget i Ølensvåg har tatt på seg tilsynet av hytta, og deler dette 50/50. Det vil sei at Bjoa har tilsyn annakvar månad, med start i juni og deretter august, oktober, desember osv alle månader med partal. BBU har fått på plass ei vaktliste for dei første månadane, men er interessert i å få fleire friviljuge på lista. Tilsynet er slett ikkje omfattande, men det inneber at hytta må besøkjast ein gong i veka og det er ei kort sjekkliste for kvart besøk.

Viss du kan tenkja deg å vera med på dette enkle tilsynet, gi melding til styret i BBU ved Aleksander Teimann Bjørnø tlf 483 36 795.