Foto:

Viktig generalforsamling i SØK

SØK as held generalforsamling i Skånevik den 18. august kl 1800 i Skånevik Idrettshall. Framtidig utvikling av SØK står på sakslista i tillegg til vanlege årsmøtesaker. Bjoabygda fekk i 2019 vel 150 000 kr i samla støtte frå SØK til ulike lag og organisasjonar. Denne støtta vil tørka inn med 70% viss eit forslag om avvikling av SØK får mange nok stemmer.

Er du aksjeeigar i SØK og opptatt av framtida for lagsarbeid og aktivitet på Bjoa, er det viktig å møta opp på generalforsamlinga og støtta styrets forslag om vidare utvikling av SØK og vidareføring av eksisterande støtte til allmennyttige føremål.

Her er lenke til innkalling og sakspapir:

https://www.sok.no/aksjar/ordin%C3%A6r-generalforsamling-2020