Torunn Hetland
Foto:

Bade- og fiskeplasser på Bjoa

Gardavikjo friluftsområde

Gardavik ligg på grensa mellom Bjoa og Vikebygd ved innløpet til Ålfjorden ca 2 km sør for Svallandsneset. Dersom du kjem med bil tek du av frå riksveg 543 ca 3 km frå krysset til Utbjoa ferjekai i retning Vikebygd. Området ligg om lag 500 meter frå riksvegen. Området eignar seg både til fisking og til bading. Eigedommen har ei lita brygge, samt ei grunn, lita strand som er særleg eigna som badeplass for småbarnsfamiliar. Det er laga veg ned til sjøen slik at det er framkommeleg for både rullestolbrukarar og barnevogn. På eigedommen er det også ein liten grasbakke til diverse leikeaktivitetar.

Friluftsområdet er eigd av Vindafjord kommune og blir forvalta av Friluftsrådet Vest. Eigedommen blei kjøpt av kommunen i 1986 for å nyttast som friluftsområde. På eigedommen står det ei hytte som no blir forvalta av Bjoa bygdeutviklingslag. Hytta er dei siste åra blitt utsett for naturskade som følgje av vinterstormar. Bjoa bygdeutviklingslag har saman med Friluftsrådet vest bestemt å søkja om  riving av hytta, og det blir planlagt å byggja ein paviljong med ly for vind og regn på staden der hytta no står. Friluftsrådet Vest vil står som eigar av eit eventuelt nytt bygg.

Friluftsrådet har osgå sett opp toalett.

Utbjoaneset - Fyret

Dersom du følgjer kulturstien ut til spissen av Bjoaneset, vil du komma til Hovlandsstøa. Her er fine svaberg og ei sandstrand som gir moglegheiter for både fisking og bading. Dersom du er i båt, ligg Fyret like utanfor. Grunna rundt Fyret er ein god fiskeplass

Utbjoa ferjekai

Her kan du fiska frå kaikanten. Utbjoavågen er ein god plass for å fiska makrell når det er tid for dette.

Vedvikjo friluftsområde

Dette friluftsområdet ligg mellom Innbjoa og Utbjoa. Her er parkering like ved hovudvegen (R543). Deretter er det ca 5 min (300 meter) å gå på godt opparbeidd veg ned til sjøen. Dette friluftsområdet blir også forvalta av Friluftsrådet Vest. Vedvika er ei flott badevik som har fin sandbotn og er langgrunn. Den ligg vendt mot aust med dei flotte Kvinnheradfjella og Folgefonna som utsikt. På varme sommardagar blir det ofte fin temperatur i den grunne vika. Det er også ein stor bakke ved sjøen som både kan nyttast til soling og til leik for dei som ynskjer å vera i aktivitet. Friluftsrådet har sett opp eit volleyballnett. Det er også toalett her.

På svaberga som omkransar vika, er det fint å stå og fiska.

Kolerakyrkjegarden

Like ved Vedvika ligg Kolerakyrkjegarden. Her har kommunen nyleg rydda vekk gammal granskog og dei gamle gravstøttene er komne fram i lyset igjen. På denne kyrkjegarden blei det gravlagt bjoabuar frå ca 1850 til 1900.

Innbjoa kai

No er butikken på Innbjoakaien lagt ned, men framleis er det mogleg å fylla bensin frå Innbjoakaien, både for båtar og bilar. Her kan du også fiska frå land.

Apalvik - Bjoa båthamn

I Bjoa båthamn er det molo og båtplassar. Her er det mogleg både å fiska og bada. Bjoa båtlag har også bygd ei grillhytte på området som kan nyttast av gjester. Her er også toalett.

Bleng

Uti fjorden mellom Apalvik og Innbjoa kai ligg Bleng. Dersom du har båt er det gode fiskeplassar rundt holmen.