Foto:

Gråhorghytto (650 moh)

Gråhorghytto ligg i nordenden av Krokavatnet, litt under toppen av sjølve Gråhorgjo (740 moh).

Hytta blei bygd i 2015 og det var Bjoa Bygdeutviklingslag som organiserte bygginga. Dugnadinnsatsen var stor og mange (meir enn 50) på Bjoa deltok i byggjearbeidet.

Hytta har blitt eit populært turmål, og mange har kosa seg i sola på terrassen eller inne framfor omnen.

Hytta er open for alle, og det er mogleg å tinga overnatting ved å kontakta Audun Haraldsen tlf 916 24 489.

Bjoabygda står for drifta og det årlege vedlikehaldet av hytta, og overnatting for alle som høyrer til Bjoa, er gratis.

For alle andre kostar det 300 kr per overnatting, og  VIPPS betalinga til Bjoa Bygdeutviklingslag, konto #562626

Det går mange merka stiar opp til hytta. Du finn fleire viss du klikkar HER, eller du kan søkja på UT.NO

Hytta er utstyrt med følgjande :

  • Vedomn til oppvarming og bålpanne til utegrilling. Ta med grillkôl/grillvæske. Ta gjerne med ved også.
  • Ein gasskomfyr (2 brennarar) og ein enkel gassprimus. Ta med gassboks til gassprimusen.
  • 5 køysenger (2 av dei er det råd å utvida til dobbel sengeplass)
  • To lette sommardyner, 3 teppe og 3 puter. Ta med lakenpose / laken og dyne- / putetrekk eller sovepose.
  • Gryter og kjelar, samt enkelt kjøkenutstyr
  • Eingongsbestikk og tallerkar / krus
  • Biodo
  • Kano og livvestar

Les hyttereglane nedanfor som ein del av turplanlegginga:          

            Velkommen til Gråhorghytta! 

1.     Alle tobeinte turfolk er hjarteleg velkomne til å bruka  Gråhorghytta! Her kan du kvila ut etter turen til fjells, nyta           medbrakt niste eller laga deg mat, tørka kler og sko

2.     Har du bestilt overnatting (Tlf. 91624 489), disponerer du  hytta frå kl. 18:00 om kvelden til kl. 10:00 neste morgon  

3.     Ta av sko / støvlar før du går inn

4.     Bruk av vedomn og bålpanne: Sjå huskereglar nedanfor

5.     Bruk av gasskomfyr: Sjå huskereglar nedanfor og på komfyren!

6.     Bruk av hyttedo: Strø på bork frå sekken ein gong per dag. Lys på do: Bruk dolykta eller bruk medbrakt lykt 

7.     Ved ligg i vedbua, og bruk hoggestabbe for evt. vedkløyving

8.     Hald hytta og uterommet ryddig – det skal vera ein gjesteheim for alle!

9.     Kos deg og nyt det gode livet til fjells!  

         10 huskereglar for bruk av omn og bålpanne 

1.     Omn: Viss det er mykje oske i omnen, tøm før opptenning!

2.     Tømmeplass for oske er ca 40 m nord for hytta v / grøn gjerdepåle

3.     Tenn opp med tørr ved, evt. opptenningsbrikett og god trekk

4.      Jamn fyring er best, ikkje overfyll omnen

5.      Bruk trekkregulator på venstre side av omnsdøra

6.      Ikkje dekk til omnen. Heng våte kler mm skikkeleg opp i trygg avstand frå omnen.

7.      Når du går frå hytta: Ikkje tøm omnen for varme glør / oske!

8.      Bålpanne: Bruk ved eller grillkôl til å fyra med

9.      Juster plassering av bålpanna etter vêr og vind

10     Gjer reint og tøm kalde bålrestar dagen etter bruk! Set bålpanna inn igjen i vedbua.

         Ved rett bruk vil omn og bålpanne gi deg ei god hytteoppleving!

          10 huskereglar for bruk av gasskomfyren

1.     Hugs at gass på avvegar er livsfarleg for folk og kan ta fyr!

2.     Ta gassflaska ut av skåpet ved tilkopling

3.     Utfør tilkopling med begge hender

4.     Når låseringen er heilt nede, opnar du for gassen ved å vri på flaskebrytaren til raud prikk peikar opp

5.     Hald komfyrbrytar inne ved tenning av brennar

6.     Justèr varmen med komfyrbrytarane

7.     Lat komfyren stå ytterst på benken under bruk

8.     Hald komfyren rein for matrestar og feitt

9.     Etter bruk: Vri flaskebrytar tilbake til svart prikk og kopla frå

10.   Ved overnatting må gassflaska koplast heilt frå om kvelden!

          

                                Takk for besøket! 

Før du går frå hytta, ber me deg om å sjå til at: 

1.     Alle glas er heilt lukka

2.     Gassflaska er fråkopla

3.     Kjøkenbenk og utstyr er vaska og rydda

4.     Golvet er sopt / vaska reint

5.     Du har skrive i hyttebok / dagsturbok

6.     Alt avfall inne og ute blir tatt med heim

7.     Ytterdøra blir godt lukka både med lås og bolteskåte! NB: Døra er litt tung å få skikkeleg igjen!

8.     Utestolar blir sette inn igjen i vedbua

9.     Viss kanoen har vore brukt: Legg den tilbake og tjor fast

         

                        Velkommen igjen!