Alle fargefoto: Ingrid Steinsland
Foto:

Namnevandring rundt Bjoavatnet i lag med Sigmund Tveit

Først eit sitat frå bygdeboka, bind III: «Så langt attende som ein har kjelder å halda seg til, har Innbjoa, gnr. 55, hatt størst landskyld av samtlege gardar i heile Fjellberg skipreide.  I 1500-1600talet og utetter var landskylda på 8 lauper smør og 7 huder». Då høyrde rettnok Apalvik og Grunnevåg til gardsveldet.

I bygdeboka, på side 189 og 190, står det litt om jordbruk og dyrehald.  Jordboka for Halsnøy kloster fortel at det er god jord for åkerbruk, men mindre god for eng. Av matrikkelen frå 1668 går det fram at dei på garden sådde 24 tønner korn og hausta 96 tønner, at dei fostra 80 naut, 8 hestar og 82 sauer og geiter.  I tillegg til dette vart det opplyst at skogen for det meste var uthoggen og selt til Bergen og andre stader, og skogen var det eigaren (kongen) som disponerte.

Av det kan me slutta at det var av jordbruk og husdyrhald folk livnærte seg, og god beitemark var nok avgjerande.  Eit kart frå 1873/74 viser mellom anna klårt kor grensa mellom innmark og utmark gjekk, kartet viser ein steingard som går langs heile garden.  Denne steingarden er den dag i dag godt synleg fleire stader, t.d. på begge sider av bedehuset.

I denne steingarden var det opningar med grindar i, der folk og fe kunne passera gjennom.  Enkelte av desse hugsar eg.  Det var ein ute på Spor, garden ovafor kyrkja, og det var ei grind på Eikehaugen.  Der sto det og eit fehus tett inntil grinda.  Eg går ut frå at dei tok kyrne innfor mjølking når det var ruskevær.  Her gjekk det og ein drifteveg over Stølshaugen, ein flate der det nå er bustadhus.  Namnet tyder på at dette var ein mjølkeplass. Så var det eit «le» i Gardkroken der vegen gjekk opp til Bjoavatnet og vidare til Dalen, Steinsland og Eikås. I Gardkroken var det og to mura fehus.  Så hugsar eg ei grind tvers av Sørenshaugen, der låg det og eit fehus eller to, og ein gjennomgang i det nordaustre hjørnet bak gamleskulen. Kartet viser at herifrå gjekk det ein veg mot Hetland. Og like innafor «Perleporten», der den gamle perleporten så vidt er synleg i restane av steingarden endå. Det var nok slik at dyra vart drivne ut gjennom desse opningane for å komma på beite.

Denne ordninga med å senda dyra på utmarksbeite, også mjølkekyr, varte faktisk liketil bort imot 1950, og går nok attende i tid fleire hundre år, det er det landskylda vitnar om.  Då var det nok naudsynt med namn, og mange av namna har sitt opphav i bruken, landskapet, eller hendingar for lenge sidan.

Området rundt Bjoavatnet har nå fått ein ny turveg, delvis i traseen til den gamle vegen til Eikås. Og om vegen nå har fått ein ny bruk, og det ikkje er nødvendig å kunna dei gamle namna, kan det jo likevel vera kjekt å kjenna til dei:

Me startar på «Leite», der reinseanlegget til vassverket står.  Her var det eit gamalt vegkryss der vegen til Steinsland og Dalen skrådde over «Dalsbrua», mens vegen til Eikås og Tunge fortsette på venstre sida av «Bjoaelva». På venstre sida av skogsvegen  får du snart «Stemmehaugbråtet», nå godt tilvakse av gran. Over elva, til høgre ligg det ein moreneflate, også godt tilplanta, det er «Fenahaugen». Litt lengre oppe får me «Stemmen» eller rettare, restane av han, og så «Pumpehuset». (Nytt namn av ny bruk).  Nordenden av vatnet heiter «Vassnausto», der me endå kan sjå ruinane av 2-3 naust.

Namnet«Fenahaugen» kan me ikkje sikkert forstå opphavet til, men det er jo nærliggjande å tru at det har med fe å gjera (småfe, fenalår….).

Stemmen er enklare å forklara.  Dette var ein demning, mura med betong rundt ei luke for å regulera vannstanden i Bjoaelva.  Kor gamal den første stemmen var, kjenner eg ikkje til at det er skrive noko om, men at den vart restaurert i 1930 stod i betongen over luka.  Som det går fram av dei gamle rekneskapa, vart det hausta gode kornavlingar, og det kan vera grunn til å tru at dei gamle kvernene, som det var mange av, har vore i bruk langt attende i tid. Luka vart stengd om hausten, og kvernene gjekk nok til frosten kom.  Oppdemming for sagbruk var nok ikkje aktuelt før seinare. Rettnok står grunnmuren til ei oppgangssag nede ved Sabøen, utan at eg kan sei noko om bruken av denne.  Den einaste soga eg har høyrt er at det var Reinert Romsa som i si tid sette henne opp og brukte den.

Stemmen hadde nok fleire funksjonar.

Restane av Stemmen er lettast å finna frå nordsida

Om våren og sommaren sto luka heilt open, slik at vasstanden var så låg som mogeleg.  Då vart det tørrlagt store beiteområde rundt det meste av vatnet. Dette saman med høgareliggjande beiteområde, var nok «Gosen» i beiteområdet for bjoabuen.

Naustmurane i «Vassnausto» er nå delvis overgrodde av lyng og kratt.  Eg har blitt fortalt at båtane blei brukte av dei som mjølka, på begge sider av vatnet.  I tillegg vart dei brukte under fløyting av tømmer.  Me veit og at det blei fiska aure, til og med spekesild var det ein som fekk i garnet, har eg høyrt.

 

Ved opplagsplassen, der den nye vegen startar, kjem det ned ein god del overflatevatn frå «Vassdalen» som går opp til venstre. På nersida har me«Viaforo».  Ho har levd sitt liv, men ber endå merke på at det er ei skiftes-furu med uthoggen kross og borehol og markerar grensa mellom to skogeigedommar.

Viaforo

Ei flot, eller flåt som me seier, er namnet på ei samanhengjande grasslette.  Det var fleire slike langs stranda ved Bjoavatnet.  Den første me kjem til er«Paddesteinsflåto» som strekkjer seg frå Viaforo til «Paddesteinen», ein stein som ligg heilt i vasskanten ved den første rasteplassen. Ved Paddesteinen finn me og murane etter «Vines-naustet».

Murane etter Vinesnaustet

På oppsida av vegen heiter det «Øvrelio», og litt høgare oppe, mot grensa til Hetland er «Sveo».  Eit namn som kan tyda på at dei har svidd av lyng og brakje for å få beiteland.

I svingen, like over stikkrenna for bekken over Paddesteins-området, låg «Lukkerøysa». Det meste er gått i fyllinga ved tidlegare skogsvegarbeid.  I ei slik lukkerøys skulle du kasta stein når du skulle til fjells, det skulle sikra at turen vart vellukka.  Her får me kan hende setja opp eit skilt?

Ved den første rasteplassen står det skilt som viser veg til «Gråhorgjo».  På sørsida av den var det ein skogteig som heitte «Briggen».  I denne teigen var det ein del fint mastetømmer.  Blant anna vart det i si tid levert master til ein brigg, og dette var opphavet til namnet. Vegen til fjells går gjennom «Fjelldalen».

Me går litt til og kjem til ein bekk som no går i stikkrenne.  Det er«Reindalsbekkjen» som kjem frå «Husafjedle» og renn ut i vatnet på «Båtaflåto». I bekkeløpet der er det godt å parkera båten, kan hende namnet kjem av det. På øvre sida av vegen får me nå «Vasslio». Så langt har den nye vegen stort sett følgd traseen for den gamle vegen. Frå det høgaste punktet går nye-vegen ned mot «Byte». Gamlevegen fortset på same kota, medan den nye fortset nærare vatnet.

Namnet«Byte» kan ha fleire tydingar. Den offisielle er at dette er midtvegs påvatnet, og at det var vanleg å byta ro-tørn her når dei skulle frå den eine til den andre enden av vatnet.

Den andre er at her går det ein morenerygg tvers over vatnet, slik at når det var nedtappa, kunne ein vaksen mann gå på botnen over utan å bli våt i håret.  På nordsida av denne ryggen er vatnet med unntak av «Hålo» og «Tamisjøen», grunt med mykje vegetasjon.  På sørsida, der inntaket til vassverket er, er vatnet djupt, mellom 10 og 20 meter.

Her renn «Vasslibekken» ut, det er den som har størst nedslagsfelt og leverer mest vatn til Bjoavatnet.  I tillegg er den gyteplass for auren og bekken deler seg og har to utløp. Området rundt bekken heiter «Vassliflåto». Ved sida av det eine utløpet kan eg hugsa det sto eit falleferdig fehus. Dette var det bruket «Sørenshaugen» som hadde.  Det var nok mjølkeplassen i dårleg vær. Vassliflåto fortset sørover til den blir avløyst av «Kambalio». Her er det ein sjeldan storvaksen furuskog, men og ein del granskog som er hogstmogen.  Viss du går litt opp når du har passerer Vasslibekken, finn du igjen den gamle Eikåsvegen.  Sjølv om det er hundre år sidan den var i bruk, og den er noko tilvaksen, viser det tydeleg at her i skrå-lia har den blitt murt i nederste kanten.

I dag er det berre hjorten som brukar den gamle Eikåsvegen i Kambalio.

Ved rasteplassen, ved den store steinen, er me inne i «Vassbotn», tilplanta med gran, men like fram til ca. 1945, før nyevegen til Eikås kom, var dette beitemark og kratt.  I vintrar med snø og is var dette ein god plass å løypa tømmeret utfor. Her stoppa det meste i vannkanten, mens noko for heilt utpå isen.  Var isen tjukk, var det vanleg å transportera både ved og tømmer med hest og «veaslede». Hadde dei ikkje lass på, sto dei gjerne bakpå sleden eller «draje» og let hesten langa ut på isen.

Det nå tilplanta høgdeplatået mellom Eikåsvegen og turvegen (sør for Ishuset) har namnet «Gjere».  Her var mjølkeplassen til bruks nr. 2, garden Lars Austli har no. Eg hugsar frå mi barndomstid at det gjekk ein drifteveg gjennom dette området og vidare til «Tytebærrabben», og eg meiner å hugsa restane av eit gamalt ståltrågjerde. Om det her og var eit gamalt fehus kan nok ingen bekrefta nå.

Så går me vidare ned til «Ishuset» ved vegkrysset «Kråkefor».  Dette huset har eg skrive nokså utførleg om i tidleg-soga om Dalsmyrane, så opplysningar om det kan interesserte finna der.

Nå går me vidare nordover på Eikåsvegen mot Bjoa og over ei murt steinfylling over ei vik i vatnet.  Ein tidlegare grunneigar, Erik Nilsen («Bjødn’Erik»), fortalde meg ein gong at denne vika heitte «Sjenstø» frå gamalt av. Å skjena var det kyrne gjorde på varme dagar når dei vart plaga av kleggen.  Då sette dei av garde med halen til værs og søkte tilflukt i vatnet.

På venstre sida har me nå«Årraskarslio».  Om lag der me tar av vegen mot «Krokaforo», får me «Børslio», med «Børslistølen» øverst.  Dette er eit område som strekte seg nordover heilt til «Mold- og Torvmyrane», som eg kjem tilbake til.

Krokeforo

Frå den fire hundre år gamle Krokeforo (som eg har skrive om i Segn og Soge ), tek me nå strandlina vidare nordover. Eg går ut frå at det området som nå er tilplanta her med gran, var ein del av Børslio, for for hundre år sidan var jo ikkje området delt av vegen. Me stoppar ved «Storesteinen».  Eg veit ikkje om namnet er gamalt, men me brukte det.

Dette gamle biletet er interessant i denne samanhengen, fordi det viser kor langt vatnet var nedtappa om sommaren. Meiner det er teke i 1931, (eg sit på steinen ytterst til høgre).
I dag, når vatnet er på det høgaste, går det delvis rundt steinen.

Borte mot grensa til Myrvang er «Fiskarhaugvikjo». Eit stykke ut i vatnet ligg det her ein stein der det er slege inn vasstandsmerke for vassverket.  Går me vidare mot «Stemmen», får me «Fiskarhaugen», som no er hytteeigedom.  Så får me kanalen, som er demning mot vatnet.  Denne var opprinneleg ein del av eit nydyrkingsprosjekt frå 1964, men er no administrert av vassverket. På venstre hand, der det no er opplagsplass for Tveit Maskin, var det før kanalen kom, ei myr- og grasslette med namnet «Lekjo» (søra og nora), den strekte seg heilt til«Stemmen».  Dette området var og beiteland, men sto heilt under vatn når vatnet var oppdemt.

Me kan vel sei eg er kommen til vegs ende når det gjeld beitemarka rundt Bjoavatnet,men eg er såpass gammal at eg hugsar beitande dyr, kyr, hestar, sauer og geiter i desse områda. Og eg ser korleis skogen stadig tar att det som var beiteland,men det er nå ein gong slik, alt til si tid, det som var - og det som er.

Eg kjem attende til det som var.  Me tek den nye gards- og skogsvegen som går frå utløpet av kanalen og opp til Eikåsvegen. Her var det området eg nemnde som mold- og torvmyrane.  Dette heng for moldmyrane sin del saman med fleire hundre år gamle driftsformer.  Ingen husdyrfjøs hadde før 1900 talet separat kum for oppsamling av «land» -den flytande avføringa frå dyra. Før møkaskuten kom, vart det køyrt inn mold som i løpet av innesesongen trekte til seg det meste av den flytande gjødsla, og så vart alt køyrt ut om våren som gjødsel og jordforbetringsmareiale.  Dette var ein prosess som vart utført kvart einaste år, og det er nok umogeleg å finna ut kor mykje mold som på den måten vart frakta ner i bygda.  Dette er ei «onn» eg hugsar.  Om sommaren gjekk det som regel 8-10 hestar og beitte på «Børslistølen».  Inn imellom vart dei henta heim og brukte i slåttonna og for å få heim molda.  Det var ganske store flater der stuvar og røter vart fjerna, og så skava dei av det tynne laget på toppen og lesste på kjerrene som ved slik transport var påsett høge karmar.  Moldmyrane var på nedsida av vegen, og eg trur nok dei turka lett når vatnet var nedtappa.  Det vart og skore ein del torv på nedsida av vegen, men det meste av torvskjeringa var på øvre sida av vegen, som først vart bygd gjennom dette området i 1922. Torv vart nok for det meste brukt som tilleggsbrensel for ved.  Ved å leggja torv i omnen eller grua om kvelden, hadde dei glør om morgonen, og det var lettare å få veden til å brenna.  Eg hugsar så vidt at det var eit stort torvhus, lagerhus for torv, på flaten ved sida av gamlevegen til Steinsland og Dalen. Vegen til Steinsland tok av omtrent der det ligg ei hytte nå. Vegen til Dalen fortsette gjennom plenen i Solbu, nerom huset til Toralv, så vidare i same høgd gjennom øvre del av bakken,skogen og øvre del av «Ingebrigtstykket», langs grensa til Steinsland og fram til Nedre Lødalen.

Dette gamle biletet er teke mot nord i gamle Dalsvegen der den går øverst på Ingebrigtstykket.  Me ser så vidt hustaket på Myrvang, og me ser området med Lekjo og moldmyrane før det vart oppdyrka. Stemmehaugen og Vassdalen var heller ikkje tilplanta med gran.

Nå kan eg vel sei me snart er ved vegs ende. Me går siste stubben ned til parkeringsplassen på Leite.  Nå har me«Klapparhaugen» på venstre sida der me rundt telefonlina framleis ser spora av gamlevegen til Dalen.  Kva namnet«Klapparhaugen» kjem av, er ikkje godt å seia, har det med husdyrhald å gjera? Nokon som har forslag?

Takk for følgjet!

Sigmund Tveit.