Herman Westerman
Foto:

Kolerakyrkjegarden i Vedvikjo

Like ved ein av dei mest idylliske plassene på Bjoa, badeplassen Vedvikjo, ligg ein kyrkjegard med steinmur og smijernsport, ein tydeleg kontrast til badestranda som er næraste nabo: Kolerakyrkjegarden. Tida har ikkje latt mykje stå igjen her, men nokre gravstøtter kan ein framleis sjå.

På1830-talet gjekk det ein koleraepidemi i Noreg, og i 1832 hadde«Sunnhetskomisjonen i Fjelberg»  sitt første møte – slike kommisjonar fann ein over heile landet. I frykt for ein ny Svartedaude ynskte ein no å avgrense skadeverknadane av ein epidemi. Året etter, i 1833, var kommisjonen på Fjeldberg samla igjen, denne gongen for «at bestemme begrawelsestæder for de Koleradøde». Dei som døydde av kolera måtte ikkje gravleggjast på dei vanlege kyrkjegardane på grunn av smittefaren, og alle gardar var lovpålagde å ha materialar klare til ei kiste, skulle sjuka koma til gards. Til saman blei 15 område i prestegjeldet peika ut til å vere gravplassar for koleraoffera. Vedvikjo var eitt av dei: «For Bjoestrandens samtlige beboere, en Plads på Gaarden Udbjoes Udmark kaldet Wedwig, 40 Alen lang og 40 Alen bred.»

Men koleraepidemien blei ikkje så omfattande her i distriktet som ein hadde frykta. To brør frå Utbjoa, Kolbein Ingebriktsson Utbjo  (34 år) og Åmund Ingebriktsson Utbjo (32 år) døydde i februar 1849. Dei blei straks gravlagde på gravplassen i Vedvikjo, men «Jordkastedes først ved den nye begravelsesplads Invielse paa Gaarden Udbjoa den 26.april 1850». Dette blei  dei to einaste koleraoffera for gravplassen i Vevdikjo.

Då det ikkje lengre var naudsynt å ha ein eigen plass for dei som døydde av kolera, blei gravplassen tatt i bruk av Bjoafolket som før hadde reist til Fjeldberg for å gravleggja sine. No hadde dei sin eigen gravplass på Bjoa, og den var i bruk til 1912 då ein fekk vigsla kyrkjegard ved sida av kyrkja på Innbjoa. Frå 1849 - 1912 vart det gravlagt 445 personar på kyrkjegarden ifølgje kyrkjebøkene. Utskrift frå kyrkjeboka med liste over gravlagde vil bli lagt ut nedanfor.

I Anders Haugland sin artikkel «Kolerasykja og dei gløymde gravstadene» i Segn og Soge 1982  kan ein lesa følgjande: «Men det spørst om dette er den eigentlege koleragravstaden. Eldre folk skal ha fortalt at «de gamle gravene» låg utanfor murane i Vedvikjo, eit lite stykke nærare Innbjoa. Eit par tuver skulle visa att etter gravene, og på dei måtte ingen plukka bær!»

Lenge var gravplassen i Vedvikjo omkransa av majestetiske grantre, men desse måtte etterkvart gje tapt for ver og vind. I 2019 blei granene rydda vekk, og gravplassen er no enda lettare å få auga på frå Vedvikjo.

 

Takk til Ingrid Steinsland for god hjelp med kjeldematerialet.

 

Meir om Kolerakyrkjegarden finn du mellom anna i

Arnøy, Jon «Eit minne om angst» Haugesunds avis 15.mars2000

Haugland, Anders «Kolerasykja i 1849» Segn og Soge 1999

Haugland, Anders, «Kolerasykja og dei gløymde gravstadene» Segn og Soge 1982

Minneskriftet Bjoa Kyrkje gjennom 100 år 1895-1995

Kyrkjeboka for Bjoa; gravlagde personar 1849 - 1912

Glimt av Norge i koleraens tid – NRK Klik her for å se dokumentaren.