Julekonserten i Bjoa Kyrkje 2010 fekk inn 13.800,- i billettinntekter som uavkorta gjekk til dugnadsarbeidet med kyrkja. Talet på publikum var rekordstort, noko som viser godt igjen på beløpet som kom inn!
Det har alltid vore bra oppmøte på julekonsertane i Bjoa Kyrkje sidan første gongen i 2001, og for kvart år har det kome endå litt fleire enn året før. Julekonserten 2010 satte rekord i antal publikumarar og fekk inn heile 13.800 kroner som er overlevert til Bjoa Kyrkje v/Trond Ove Alvseike. Det var omlag 150 betalande, pluss omlag 50 personar i sving av artistar/kor/lydmann.
Tusen takk til alle artistar, grupper, band og kor som bidrog med flott musikk - Anders Lunde som, nok ein gong, stod ansvarleg for lyd og lys - Lene Hetland og Hege Schlanbusch som hjalp til med praktiske oppgåver - og tusen takk til alle som kom og høyrte på!
Underteikna har vore med som artist heilt i frå starten, og har sidan 2007 vore arrangør. Det er nå tid for at nokon andre overtar sjefsrolla, og eg vil derfor takke for meg. Eg håpar likevel at det blir julekonsert på Bjoa dei neste åra framover, og skal ikkje vera vanskeleg å be når det gjeld musikalske bidrag. For den eller dei som har lyst til å ta over det administrative, har eg notert og arkivert det som har blitt gjort dei siste åra, om det kan vera av interesse.
Helsing Ingvild Arianson
Foto: Marit Eikehaugen