Foto:

17. mai 2006 på Bjoa

Av: Marianne Vee 09.05.2006

Me gler oss til 17. mai.

Det ser ut til at skogbrannen nå er under kontroll, og me kan kanskje begynne å glede oss til 17. mai. Me ser for oss ein fin dag, med strålande sol, glade ungar i bunader og festklede, flagg og bjørk med grøne blader. Me har tatt opp tråden frå i fjor med teiknekonkurranse for 1. til 7. klasse. Dei fleste har vel nå sitt den flotte teikninga på programmet og plakatane. Me fekk inn mange fine teikningar, og det blei veldig vanskeleg å plukke ut ein vinnar. Me måtte derfor vurdere bidraga ut frå temaet som var "det kjekkaste eg veit med 17. mai". Me fekk inn mange gode bidrag med stor kunstnerisk variasjon over temaet is, me valde til slutt ein teikning med gode fargar,og der isen blir eten av ein gut i bunad. Deltakarane har lagt ned mykje arbeid i teikningane sine, og me skal derfor stille dei ut på skulen på 17. mai. Vinnaren får i tillegg ein overraskelse.

God feiring.