Foto:

30 personar har flytta til Bjoa i år - 14 har flytta ut!

Av: Kåre Frøland 02.12.2000

I år 2000 har det fram til 1. oktober flytta totalt 30 personar til Bjoa! Dette er i all hovudsak unge folk. I den same perioden flytta 14 personar ut frå krinsen. I tillegg kjem familien Norenes som er ute på eit 2-års oppdrag i Peru og 4 personar som er flytta til Ølen Aldersheim. Dei som er flytta til Ølen Aldersheim viser att i statistikken som nedgang på Bjoa og auke i Kyrkjekrinsen. 3 personar er døde og 2 born er fødde. Folketalsutviklinga i Ølen kommune i år 2000 var positiv i 1.halvår, men etter nedgang i 3.kvartal er ein no om lag attende på nivået frå 1.1.2000.

Folketal 1.1.2000: 3287.

1. kvartal: Innflytting med 4 personar og total auke på 3 personar.

2. kvartal: Innflytting med 13 personar og total auke på 11.

3. kvartal: Utflytting med 15 og total nedgang på 5 personar. Folketalet i Ølen er pr. 1. oktober 3296.

Ein av dei fremste indikatorane på vekst er utviklinga i talet på unge kvinner. Når dei unge kvinnene flyttar ut skal ein vere på vakt.
I Ølen kommune viser statistikken ein prosentvis nedgang for kvinner i alderen 20- 45 år dei siste åra. Også for menn er det no nedgang i denne aldersgruppa. I ”Sentrum”- Osen og Kyrkjekrinsen- er utviklinga tilsvarande.

Bjoa har sidan 1990 hatt ein svært positiv prosentvis auke i kvinner i alderen 20-45 år. (Til og med 1999). For menn er tilhøva stabile. Tala for år 2000 er positive for begge kjønn. Gjennomsnittsalderen går stadig nedover og folketalet er på veg oppover. Dette er positive teikn for framtida!

Det er rimeleg grunn til å tru at storparten av innflyttingsoverskotet til Ølen kommune er kome på Bjoa! Det ligg såleis her eit stort potensiale for både utleige, husbygging og ungdomsbustadar.