380.000,- til Bygdeutvikling på Bjoa
Av: Harald Hetland 28.03.2001
Bygdemobliseringssøknaden har fått positivt svar. No startar me!!
Som kjent så har Bjoa Bygdeutviklingslag jobba på brei front for å koma igong med utviklingsarbeid i bygda. Me kan no melda at me har fått svar frå Fylkesmannen, landbruksavdelinga, at dei støttar oss med kr 300.000,- fordelt over 3 år. Tidlegare har Ølen Kommune vedtatt å støtta oss med kr 50.000,- og til ikkje minst må nemnast at SR-bank har støtta prosjektet med kr 30.000,- Så no gode Bjoa-buar, kjenner eg dåke rett no så skal detta bli bra. Dåke er med detta alle invitert til å engasjera dåke.
Me har ikkje enno fått oppnemnt eit prosjekt-styre, og dermed heller ikkje kome skikkeleg igong, men det skjer snart. Så du kan berre byrja tenkja på kva du kan vil prøva å få til som kan vera aktuellt å knytta opp mot dette prosjektet. I søknaden så har me 5 satsingsområder:
1. Stadeigne ressursar
2. Reiseliv og Bygdeturisme
3. Kompetanse og tenestebaserte næringar
4. Bu og oppvekstvilkår
5. Velkommen til Bjoa
Me legg vekt på å dra ungdom med i prosjektet.
Kanskje me kan bruka Bjoa-nett til å starta ein diskusjon, ide-utveksling rundt dette?
Me bør iallefall sjå på dette som ei spanande utfordring som gir oss utviklingsmuligheter.