Bjoa er full av historie, og kanskje kan Bjoanett brukast til å samle ein del av denne. Som eit første forsøk kan me ta for oss mjølkebukkane, eller spannakrakk eller mjølkerampe.
Det sit sikkert folk rundt om i bygda som kan fortelje om kva ord som er rett, og som kan svare på m.a. desse spørsmåla:
- Kva tid byrja ein å bruke bukkane, og kva tid slutta ein? - Kor mange bukkar var det på Bjoa, og kor var dei? - Kven sette dei opp, og kven skulle vedlikehalde dei? - Kvar frakta ein mjølka hen, og med kva? - Hadde bukkane andre funksjonar? - Kva ordningar hadde ein for å frakte mjølka til bukkane, og kven gjorde dette, og korleis? - Blei mjølk frå fleire bukkar henta inn til ein "sentral" bukk før ho vart frakta vidare? - Kva blei mjølka frakta i, både til bukkane og derifrå? - Blei mjølka kjøla undervegs?
Det finns sikkert mange andre ting ein kan fortelje om bukkane, så det er berre til å setje i gong. Send opplysningar til Jarle Sandsgård.