Nyttårsafta kl 11.00, kåra me årets kjørkjenutar 2009. Det blei ikkje uventa Kristin Helleland som stakk av med sigeren, gratulerer!
Men også mange andre har vore flinke å koma seg ut i naturen og opp på nuten dette året. Det vart trekt ut premiar til Terje Aasbø, Kjetil Solheim og Jan Rolfsnes. Gratulerer alle!!!
Det var masse snø og tungt å gå, men i strålande solskin møtte likevel dei tøffaste opp til bål, grilling av pølser, kaffi m.m. Sosialt og ei fin oppladning til den fantastiske nyttårskvelden. Det var også triveleg å sjå røyk frå bålet ved værhanen på Hovda.
Me vil nytta anledningen å ønskja alle eit Godt Nytt trimmeår!
Kjørkjenutens venner.
Foto: Kjartan Innbjo.