Foto:

Årets kulturuke på Bjoa skole er like om hjørnet

Av: Marit Eikehaugen 07.02.2002


Fra Ølen kommune sine hjemmesider hentes følgende sitat: Ja, nå er det snart kulturveke igjen folkens!!!!! Me prøver å gjenta suksessen frå i fjor. Merk deg tid og stad: Måndag 18. februar 18.00-20.00 Tysdag 19. februar 18.00-20.00

HUGS!!!! Me møtest på Bjoa skule / bibliotek og barnehage.

Desse dagane blir det skule på kveldstid, og det blir arrangert kurs i regi av FAU ved skulen og barnehagen. Me ynskjer at det skal "putre" godt av aktivitet over heile skuleområdet vårt, og at store og små, unge og gamle leikar og arbeider side ved side. Meld deg på!!!

FAU har skaffa kurshaldarar til desse kveldane. For at dette skal gå best mogleg ber me heimane om følgjande: De som har førskuleborn og elevar i frå 1. til 4. klasse: Det hadde vore kjempefint om de melde ein vaksen på saman med barnet dykkar. De som har elevar i 5-7 klasse; kanskje nokre av dykk kan vera med å hjelpa til på eit av kursa???

BOKKAFE
Personalet ved Bjoa Barnehage, biblioteket og skulen steller til kafe. I år som i fjor blir bokkafeen i allrommet vårt (dei tidlegare biblioteklokala). Her får du kjøpt kaffi, te, saft, fastelavensboller, nordlandskaker m.m. I år legg me fram gamle bøker frå skulen sitt bibliotek for sal. Så kanskje du kan finna noko her som vekker gode minner….

Melding frå biblioteket:
Folkebiblioteket på Bjoa har fått mange bøker i testamentarisk gåve frå Elisabeth og Sigmunda Simonsen. Desse bøkene, og ikkje minst kvinnene høyrer til bygda si kulturhistorie!!! Bøkene vil vera utstilt desse dagane og kan lånast ut.

MUSIKKSKULEN
Musikkskulen er vel kultur på sitt beste og er også med på arrangementet. Dei har open øving på måndagskvelden. Då kan du stikka innom musikkrommet og få ein liten minikonsert (vegg i vegg med kafeen). Men musikkskulen er i ferd med å skifta namn til kulturskule. Det må sjølvsagt visa igjen i innhald. På måndagskvelden får me ein smakebit på kva som no skjer. Kulturskulerektor Anne Kristine Andersen vil halda kurs for 6 til 10 åringar i musikk i kombinasjon med andre kunstartar; bildekunst, dans og drama. Er interessa stor nok kan me få eit slikt tilbod på Bjoa skule til hausten……

NB! BARNEPASS
Barnehagen blir open begge kveldane. Barn kan leika der med tilsyn av vaksne. Bruk påmeldingsskjema dersom De vil nytta Dykk av dette tilbodet. De kan sjølvsagt også leika der saman med barnet dykkar.

KULTURVEKE I SKULETIDA
Veke 8 blir også ei annleis skuleveke på dagtid. Då kjem det til å handla om musikkspelet vårt "På byens runde torg". Dette er eit musikkdrama med arrangement til Inger Hagerup sine dikt. Her er morosame dikt og flotte melodiar. Kvar morgon vil me starta skuledagen med fellessamling i gymsalen der me øver på dikt/songar.
Så vil me arbeida småskulesteget for seg og mellomsteget for seg med å laga kostymer til oppsetjinga. Her skal ungane tryllast om til tomater, tordivlar og mykje rart. Så her er utfordringar!!! De vil få nærare informasjon når dette nærmar seg om kva kvar elev skal kle seg som, og me må nok be heimane om å bidra med stømpebukser og T-skjorter m.m.

Småskulesteget kjem til å ha karneval om tysdagen. Mellomsteget vil øva på dramatiseringa og sy kostymer, måndag, tysdag og onsdag. På torsdagen vil mellomsteget ha ein kulturdag med noko heilt anna enn drama.

NB!!! Fredag 22. februar tek me avspasering for desse to kveldane. Alle elevane og personalet har fri. SFO er open for elevar frå 1.-4. klasse. Gi beskjed til rektor eller Brit dersom de kjem denne dagen.

RAPPORT FRÅ MILJØPATRULJEN
Ros til 1. og 2. klasse, 5. og 6. klasse for å halde god orden på klasseromma i perioden frå november til januar. Miljøpatruljen på skulen gir dei ei lita påskjønning denne veka.

TRIVSEL PÅ SFO
Brit har hatt trivselundersøking for skulefritidsordninga. Dette gav svært gode tilbakemeldingar både frå barn og heim. Alle seier at dei trivest og at dei får vera med på kjekke aktivitetar. Flott!!! - sitat slutt.

Foto: Bjørn Johannessen. Mot Bjoa skole.