Søndag 22. mai blei den 9. Arquebusmarsjen arrangert, og i år hadde eg bestemt meg for å vere med. Vérmeldingane var ikkje dei beste, men med nyinnkjøpt regnsett var eg klar for det som eventuelt måtte komme ovanfrå.
I overkant av 50 personar møtte fram i Eikås søndag føremiddag for å vere med på minnemarsjen. Ordførar Arne Bergsvåg fortalde om innsatsen som blei gjort under krigen, og la ned krans ved minnesmerket. Deretter begynte ein på turen, som blei berekna til 4,5 til 5,5 timar alt etter tempo.
Regnsettet blei det ikkje bruk for, véret heldt heilt til dei fleste var vel heime igjen. Her følgjer ein serie bilder frå turen.
I overkant av 50 personar møtte fram for å gå den 9. Arquebusmarsjen
Jan Frode Seim frå arrangøren Vikebygd Idrettslag opna og fortalde om marsjen
Ordførar Arne Bergsvåg fortalde om innsatsen som blei gjort i området under krigen, og la ned krans ved minnesmerket
Første stopp var ved Vikestølshytta
Turen gjekk innover myra i dalen
Andre stopp var ved hytta over Eikesdal i Vats (kan nokon hjelpe med navn?)
Frå hytta gjekk turen oppover mot toppen, her er vatsbuar og bjoabuar i god driv
Utsikt over Øvre Vats med Aurdal til venstre
Mange tok ein pust i bakken og såg på utsikten over vats
Ida Arianson kviler seg litt før siste rest av motbakkane
Ein gjeng som snart er på toppen
Etterkvart kom Longåsdalsvatnet til syne, og frå dette punktet var det berre unnabakke
Ein siste pause ved Longåsdalshytta
Turen enda i Bjordalstun
Etter ein 5 timars marsj er det viktig å tøye ut
Alle som er med fekk diplom, her får Ida Arianson
Turen blei avslutta med kjøttkakemiddag på Bjordalstun