Årsmelding Bygdeutviklingslaget
Av: Harald Hetland 30.03.2001
Årsmelding frå Bjoa Bygdeutviklingslag.
Laget vart skipa den 9.mai 2000, og har som mål å jobba for å få til lønnsom næringsverksemd på Bjoa, og å sikra gode bu-og oppvekstvilkår.
Styret det fyrste året har vore : Harald Hetland (leiar),Gunnar Dalen (kasserar), Mariann Hettervik (sekretær), Knut Omdal (styremedl) , Svein Yrke (styremedl) og Jarle Sandsgård (styremedlem).
I tillegg til dette , så har nok mykje av det fyrste året gått med til å leggja forholda til rette for dei ungdommane som ventar på at privatskule-søknaden skal verta handsama. Me har klart å skapa eit positivt læringsmiljø i ungdomsklubben, der ungdommane tar ansvar for eigen læring, noko dei vil tena på seinare i livet. Ein krumtapp oppe i dette er Richard Watne, som har hatt eit svært godt lag med ungdommane.
Det er eit stort økonomisk løft å stabla eit privat alternativ ungdomsskule på beina, og eg vil takka lag, organisasjonar, bedrifter, enkeltpersonar som har støtta oss økonomisk og ikke minst gjennom stor dugnadsinnsats dette fyrste året.
Økonomi
Rekneskapen for BBU frå oppstarten og fram til årsskiftet er nå ferdig. Den viser ei
samla inntektsside på om lag kr 255 700 og samla utgifter på ca kr 170 100.
Annonseinntektene frå Bjoabuen er største inntektsposten, og utgjer om lag kr 88 000.
Gåver frå lag og organisasjonar har kome opp i kr 55 500, og kronerullinga med faste
gjevarar og eingongsbeløp vil skaffa rundt kr 46 000. Til saman har julemesse,
Bjoamarknad og eit par bygdamøte gjeve inntekter på ca kr 57 200. Vareinnkjøp,
annonser o.l. til dei same arrangementa har kosta oss kr 21 500. Det er selt T-skjorter
for 3300, så me har framleis mange igjen av dei. Til etableringa av Bygdesenteret har me fått kr 5 500 i gåver, og i tillegg mykje inventar og utstyr.
Den største utgiftposten er løn og andre personalkostnader, som med offentlege
avgifter kjem opp i ca kr 127 200. Det er brukt vel kr 10 400 i arbeidet med
heimeundervisinga og førebuing av privatskulen. Drifta av fritidsklubben har kosta
vel kr 6 700, og drifta av Bygdeutviklingslaget vel kr 4 200.
Resultatet av år 2000 er då ei overskot på om lag kr 85 600, som er litt i overkant av
det ein hadde budsjettert med. Men for resten av driftsåret fram til 1. august 2001 er
det budsjettert med om lag kr 190 000 i utgifter, så overskotet vil koma godt med.