Det blir bygdeliste også neste periode. Årsmøtet vedtok på møtet 30.09.2014 at bygda stiller liste til kommunevalet i 2015. Det er sett ned eit styre som skal ta seg av prosessen vidare.
På årsmøtet vart konklusjonen at det er ønske om at Bjoa Bygdeliste skal stille liste til valet neste haust.
Det vart valgt eit styre som skal ha ansvar for prosessen fram til valet: Valjer Kristoffersen Golias Kjartan Innbjo Martijn van Muyen Kristian H Resset Clauda de Wilde
Styret har første møte 2. oktober og konstituerar seg då. Første viktige oppgåve blir å sørge for å starte prosessen med å nominere gode kandidatar som kan gjera ein innsats for lokaldemokratiet og det gode liv i Vindafjord.
Foto: Marit Eikehaugen - Kjartan Innbjo i valkampen 2011
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.