Foto:

ÅRSRAPPORT FOR ARBEIDET MED BYGDEUTVIKLING PÅ BJOA

Av: Marit Eikehaugen 07.02.2003


Bygdeutviklingsprosjektet på Bjoa ved Elin Arianson, prosessleder, og Harald Hetland, styreleder, legger i disse dager fram årsmelding for prosjektet. Det er ikke bare et omfangsrikt arbeid som er utført av bygdas egne, men også en stå på vilje som mange andre kan misunne Bjoa. Bjoanett gir deg her innsyn i prosjektets mange satsningsområder. Og som årsmeldingen selv sier, sitat: -Oppsummert har det vore stort engasjement og stor aktivitet i prosjektet i 2002.

Bygdemobiliseringsprosjekt

Arbeidet i prosjektet har i 2002 vore organisert i dei 3 temagruppene:
• Bu- & oppvekstmiljø
• Lokale ressurser
• Kompetansebaserte næringar

Felles satsing:
Temagruppene arbeider innanfor sine område men i same retning:
ei brei mobilisering for utvikling av Bjoabygda.

Styringsgruppa har fulgt arbeidet i gruppene gjennom at prosessleiar har delteke i samtlege grupper og samordna arbeidet. Styret er i tillegg deltakande i temagruppene ved at kvar temagruppe har ein representant frå styringsgruppa som deltakande medlem.

Framdrifta har vore sikra gjennom tett kontakt mellom leiar i bygdeutviklingslaget og prosessleiar, jamlege møte i styringsgruppa og ekstra mobilisering rundt fellestiltak.

17.-19. april 2002 var bygdeutviklingslaget ved bygdemobiliseringsprosjektet vertskap for Siri Bjørnstad frå SND. Prosessleiar informerte om bygda og bygdemobiliseringa. Det blei lagt til rette for individuelle møte mellom SND-representanten og lokale næringsdrivane, møte om Grøn omsorg i samarbeid med Ølen kommune og det var fellesmøte for temagruppene der tema var bygdemobilisering. I samband med denne vitjinga var alle medlemmene i temagruppene invitert til eit eige møte med SND der gruppene fekk leggja fram innhaldet i dei temane dei jobbar med.

Ungdomssatsinga:
Bygda har aktive ungdommar. Det har så langt ikkje lukkast i stor grad å få dei aktivt med i prosjektet. Eit hederleg unnatak er bu-og oppvekstmiljøgruppa der ein ungdomsrepresentant har stått for tilrettelegging av ”linkeparty”. Vidare har fleire ungdommar delteke på swingkurs og dei er aktivt til stades ved bygdakaféarrangementa. Ved slike arrangement er det oftast ei ungdomsgruppe som har ansvar for matserveringa.

Ein observasjon er og at det at mange vaksne er aktive og engasjerer seg i høve til å få bygda meir ”levande” viser att i høve til at fleire ungdommar engasjerer seg i høve til å diskutere framtid for seg sjølv i høve til bygda. Ungdommane gjer dette ved eige initiativ og på eigne møteplassar (heime hos kvarandre, på drøsestovo, på festar osv). Inntrykkket byggjer på eigne observasjonar og tilbakemeldingar frå einskildungdommar. Det er ikkje gjort noko systematisk undersøking på dette.

Samarbeid bygde-utviklingsprosjekt/skule:
Det er eit naturleg godt samarbeid mellom skulen og bygda. Skulen si breie satsing på temaarbeid har engasjert fleire bygdafolk aktivt i høve til skulen.

Hausten 2002 var samtlege elevar på mellomsteget( 5.-7.klasse) utplassert 3 dagar på gard. Før utplassering hadde dei kome fram til kva dei visste og kunne om gardsdrift og dei hadde kome fram til problemstillingar i høve til kva dei ynskte å finne ut av ved å delta i gardsarbeidet.

Skuleelevane har og arbeida med sjøfiske og har fått vore med lokale fiskarar ( både yrkesfiskarar og hobbyfiskarar) og prøvd seg på stangfiske, garnfiske og reketråling.

I høve til den bygningsmessige sida (godkjenning av skulebygning/ ventilasjonsanlegg) har arbeidet vore kanalisert gjennom FAU (Foreldrerådet sitt arbeidsutval) og bygda sine politikarar. Det er eit stort engasjement i bygda for å sikre vidare skuledrift og dermed óg det gode samarbeidet mellom elevar, lærarar og bygda for øvrig.

Temagruppa for Bu -& oppvekstvilkår på Bjoa:
Gruppa har hatt stor aktivitet og tatt tak i mange saker. I tillegg til dei mange sakene gruppa har arbeida med har nokre av sakene vore drøfta og konkludert med at det er andre instanser som følgjer opp og utfører dei konkrete oppgåvene. Slike saker har gjerne vore undersøkt i høve til om dei blir fulgt opp av ansvarlege organ – og når ein har vore forsikra om det, har saka ikkje fått prioritet i gruppa.

Viktige saker som gruppa har engasjert seg i har vore:
• Skulesaka – trussel om nedlegging av Bjoa skule.
• Korleis bidra til at skulebygningene blir sett i godkjent stand.
• Korleis ta imot nye naboar.
• Korleis ta vare på og nytte hytta i Gardavik.
• Vidareutvikling av informasjonskanalar i bygda.
• Korleis skaffa trenar til volleyballgruppa.
• Prioritering av turløyper som skal merkast
• Korleis vise ungdommane som er bortebuande grunna arbeid og utdanning at me set pris på dei og bryr oss om dei.
• Uformelle møteplassar – er behovet dekka eller kan vi skapa fleire.
• Marknadshall som møte- og handelsplass.

Konkret har dette ført til gjennomføring av følgjande arrangement/tiltak:
• Swingkurs for ungdom og vaksne – med påfølgjande dansekveld.
• Merking av turløyper på Bjoa.
• Utarbeiding av enkel infobrosjyre om turløyper på Bjoa.
• ”Linkeparty” for og med ungdommar ( PC-spel i nettverk).
• St.Hansfeiring i Gardavikjo friluftsområde (familiearrangement).

I tillegg har det frå denne temagruppa blitt danna ei eigen gruppe som marknadskommite for julemarknad i Marknadshallen. Gruppa blei supplert med nokre fleire personar som blei spurd om å delta. Julemarknaden la vekt på å stimulere lokale produsenter innanfor nisjeproduksjon til å delta. Gjennomføring av julemarknad blei gjort i samarbeid med Buo Landhandel. Arrangementet var eit stort løft og fekk god oppslutning.

Temagruppa for Kompetanse- og tenestebaserte næringar:
Næringsutvikling er langsiktig arbeid og eit arbeid som vi er klar over må ha fokus og prioritet heile tida – også om det tar tid å få resultat.

Temagruppa har engasjert seg i følgjande saker:
Arbeid med førebuingar til møtet mellom SND og Ølen kommune februar 2002.

I samband med overgang til Rogaland for Ølen kommune var BBU på banen i høve til å knyte kontakter med SND. Dette førte til at ved SND sitt første kommunebesøk blei eit ope møte på kvelden lagt til Bjoa.

Vidareutvikling av bjoanett.no og bjoa.no.

Det tekniske ansvaret for desse sidene ligg til medlemmer i denne gruppa. Gruppa har skaffa seg oversyn over verksemder i bygda og har utvikla eit system for bedriftspresentasjonar knytt opp mot det lokale bjoanett.no. Vidare arbeid er å samle inn nøkkelinformasjon om verksemdene og hjelpe verksemdene med å leggje ut eigen presentasjon.

Merkevarebygging av Bjoa-namnet.

Her har gruppa bidratt til at BBU har lyst ut logo/profilkonkurranse. Det har så langt ikkje lukkast å komme i mål med dette arbeidet, men det er noko som vil ha vidare prioritet.

Tilbod om konsulentbistand til etablerarar.

Temagruppa for lokale ressursar:

Gruppa i utgangspunktet formulert ei målsetjiong for arbeidet: Kartlegge naturressursar i bygda med tanke på utvinning og oppretting av arbeidsplassar og ei bærekraftig utvikling.

Gruppa har sett på følgjande lokale ressursar:
• Utmark/fjellvidder som grunnlag for jakt og fritidstilbod.
• Fjord/sjø/strandlinje.
• Ferskvatn/elvar.
• Jordbruksareal, fulldyrka og beite.
• Tiltak for auka ressursutnytting av investeringar.
• Skogsvirke/trelast/brensel/bioenergi.

Kvart undertema har blitt nærare drøfta og gruppemedlemmene har fordelt arbeidet med å finna ut meir om dei tema og spørsmål som har kome opp undervegs.

Desse tema/område har vore:
• Ny hjorteforvaltning – auka verdiskaping frå hjortejakta
• Kjøling og nedskjæring av slakt
• Vidareforedling av jordbruksprodukt
• Strandsoneplan
• Minikraftverk
• Fisk og fiskeprodukter
• Ferskvannsfiske –turisme
• Svarthyll-prosjektet (forsøksringen)
• Felles lagerbygg
• Grønt samarbeid

Gruppa har vore pådrivar for å få representantar til å delta på kurs og møte som andre organisasjonar har bydd inn til.

Konkrete tiltak som gruppa har gjennomført:
• Kurs i oppdeling og vidareforedling av lam.
• Kurs i tradisjonsrikt kjøtpålegg til jul.
Begge desse kursa har vore arrangert med god hjelp og velvilje frå Ølen Vidaregåande skule.

Oppsummering og vegen vidare:
Oppsummert har det vore stort engasjement og stor aktivitet i prosjektet i 2002. Mange har lagt ned eit stort arbeid for fellesskapet og bygdefolk som ikkje har vore direkte involvert i arbeidet har støtta godt opp om dei ulike arrangementa. Det er blitt skapt nye kontaktnett mellom ulike menneske og det er mykje moro og glede i å oppleve at vi får til noko i lag! Idétilfanget og kreativiteten er stor. Vi har fleire idéar enn vi kan klare å gjere noko med. Viktig å få gjennomført konkrete tiltak. Vi kan bli enda flinkare til å fordele arbeidet på fleire personar.

Det skjer ei utbygging og tilflytting til Bjoa for tida – ei stor utfordring er å ta vel imot dei nye som kjem til bygda og inkludere dei på alle nivå.

Vi har óg ei utfordring i å få fleire ungdommar engasjert i bygdeutvikling – få dei i tale om kva dei ynskjer frå dei vaksne ”etablerte” og kva dei kan bidra med sjølv.

Marknadsføring av bygda er viktig for eigen identitet, for at andre skal bli nysgjerrige på kven vi er og for å få folk til å sjå på Bjoa som eit aktuelt alternativ i høve til busetjing og bedriftsetablering.

Gruppene vil halde fram med arbeidet sitt og styringsgruppa vil leggja til rette for at gruppemedlemmer og andre kan få reisa ut og henta inspirasjon til vidare arbeid andre plasser.

Bjoa den 07.02.2003
Harald Hetland, leiar styringsgruppa.
Elin Arianson, prosessleiar. -sitat slutt.

Foto: Marit Eikehaugen. Fra fjorårets julemarked på Innbjoakaien.