Jarle har sendt følgende melding hvor han skriver, - Eg registrerte at det var tre dagar mellom den siste og eldste artikkel blant dei 10 siste artiklane på Bjoanett, så eg fekk eg det for meg at eg skulle undersøke korleis dette har vore opp gjennom.
Den 20. mars 2000, då artikkel nummer 10 blei publisert på Bjoanett, var det 35 dagar sidan den første artikkelen blei publisert (14. februar 2000). Så begynte ting å skje, for den 22. mars var det berre ei veke mellom den nyaste og den 10. siste artikkelen.
Og så - vel ei veke seinare - den 31. mars 2000, oppnådde me det me berre har klart den eine gongen - me hadde 10 artiklar på eit døgn! - Og ikkje uventa var det skulesaka som drog opp. 9 av artiklane var om skulesaka. Den siste var om Oland sine nye websider.
Etter den tid har det veksla ein del, og sjølv om me har hatt så mykje som 130 dagar (!) og gjennomsnittet har vært 14 dagar mellom siste og den 10. siste artikkelen, har dei fleste vært i området 5-9 dagar.
Dei to siste månadane har gjennomsnittet vore 10 artiklar på 6 dagar Det vil seie i underkant av 2 artiklar til dagen! Gode greier! :-)- sitat slutt.
Redaksjonen avslutter med å si at vi er på rett vei. Konklusjonen må bli: skolen er det viktigste for bygda!