Foto:

Audi - forspranget ligger i teknikken.

Av: Mr. B 18.08.2003


At det finnest Bjoabu så er interessert i bil er heilt sikkert. Ein av dei så definitivt høyre til i kategorien for autofile er Odd Ståle Johannesen. Fordi han er bosatt i Tyskland har han litt andre muligheter til å utleve interessa si enn oss andre så har grodd fast i gråsteinane her oppe i avgiftslandet. Rett før jul i fjor bytta han ut Mercedesen med ein sort Audi Allroad 2,5 TDI.


For dei så ikkje kjenner denne biltypen, kan ein litt forenkla sei at Audi har tatt utgangspunkt i designet til A6 Avant, men Allroad’en er kraftig modifisert med blant anna firehjulstrekk, breiare skjermar og støtfangerar, andre lykter osv. Det ein ikkje kan sjå er at bilen bl.a. har eit avansert fjæringssystem så hever og senker bilen etter behov. Når Odd Ståle er ute på autobahn vil bilen senke seg automatisk etter farten og veiens karakter. På norsk bygdeveg vil bilen automatisk løfte seg til det høgaste nivået, ikkje fordi at Odd Ståle kjøyrer så seint, men fordi vegen er så dårlig at bilen trur han er i fjellheimen i dei tyske alpene. Nivået kan også justeres manuelt. Då lyt ein ut å sveive opp fjæringa med ei handsveiv så e ekstrautstyr. Nei, det er ikkje sant. Justeringa gjer ein sjølvsagt frå ein knapp på dashbordet.


Allroaden kom på markedet i år 2000 og er Audi’s bidrag til bilprodusentenes populære SUV linje. SUV (Sport Utility Vehicle) er ein blanding av terrengbil og ”vanlig” bil og betyr nåke sånt så ”sportslig nyttekjøretøy”, fritt oversatt av undertegnede.
Andre bilar i denne kategorien er for eksempel Mercedes ML, Volvo XC, Lexus RX, BMW X5 og Subaru Outback. Bilar med høg bakkeklaring, trekk på alle fire hjul og høg sitteposisjon.

Allroaden har et vellykka sportslig og svært tiltalande design. Når han er senka går assosiasjonane meir mot sportsbil en mot kjøyretøy så er beregna for terrengkjøyring. Han har etter mi meining lite SUV-preg, og er uten tvil den stiligaste og mest sportslige bilen i kategorien. Allroad vert også levert med ein 2,7 liters biturbo som yter om lag 250 hk i originalversjon. Snakkar ein med Vakaen ute på Aksdal Bil kan han relativt enkelt trylle fram 60 til 70 hestekrefter til. Då vil eg tru det går bra unna.


Komforten er det heller ingenting å sei på. Bilen til Odd Ståle har det meste av utstyr, tiptronic gearkasse, Recaro skinninteriør, elektronisk klimaanlegg, ESP (elektronisk stabilitetsprogram), EDS (elektronisk differensialbrems) og navigasjonsutstyr. Kjekt å ha når Odd Ståle kjøyrer seg vill oppe på Steinsland.

Eg har testkjøyrt bilen på vinterføre, og det var imponerande å kjenne aksellerasjonsegenskapane på norsk holkeføre. Det er berre å legge gasspedalen heilt ned, så regulerer bilen sjølv motorkrafta ut på dei fire hjula, og i samarbeid med avansert styring av gearboks og EDS sørger elektronikken for at bilen ikkje spinn, men at ein alltid har maksimalt grep uansett kor møkje gasspådrag ein har. Bilen justerer turtallet sjølv. Merkeleg følelse å aksellerere på snølagt is som om det var tørr asfalt. Det ein kanskje skal ha i tankane på holkeføre er at ein stoppar ikkje fortare en andre bilar sjølv om Allroaden sjølvsagt er utstyrt med ABS.

Denne bilen har ein dieseldrevet 2,5 liters sekssylindret V-motor med turbolading og ladeluftkjølar som i original stand yter rundt 180 hestekrefter. Om motorrommet er det berre ein ting å sei, trangt men fint. Bilprodusentane er flinke til å få det til å sjå fint ut i motorromma på nyare bilar. Det meste er nok plastdeksel og ”styling”, men greit nok. Oppe i dette motorommet har ein hobbymekanikar svært lite å gjere. Einaste grunnen til å opne panseret må vere for å skryta te naboen, og då kan det jo gjerne vere litt motorstyling der?


Sportslige kjøyreegenskaper og 180 hestekrefter kombinert med tiptronic gearboks (elektronisk styrt automat) gjer bilen artig og kjøyre på tørre sommarvegar også. At bilen er svært avansert reint kjøyreteknisk betyr ikkje at det ikkje er kjøyreglede att. Maksimalt senka og med aktiv bruk av tiptronic-kassa vert det skikkelig moro å kjøyre på trange svingete vegar som t.d. Bjoavegen. Ein føler seg kanskje som ein liten racerkjøyrar og gløymer fort at ein sit i eit kjøyretøy som også er laga for å kjøyre offroad med.

Odd Ståle har valgt ”riktig” farge på bilen sin. Sort metallic. Bilen har og eindel blanke detaljer som takrails, listverk og sidebeskyttere, og i rumpa har bilen to stilige eksosrøyr i krom.
Denne bilen har det så skal til for å få folk til å snu seg på gata. Designet, detaljane kombinert med den perfekte fargen gjer at ein gjerne tar ein ekstra kikk. Går ein nærare vert ein heller ikkje skuffa når ein ser inn på det lekre recaro sports-interiøret med kombinasjon av svart og lyst skinn. Recaro inskripsjonane i seteryggane og at bilen er proppfull av alt tenkeleg elektronikk gjer at ein rett og slett får lyst på ein slik bil. Men soltaket? Herregud Odd Ståle, du har jo ikkje soltak! Det har jo te å med mor mi på den gamle Sunny’en sin.


For ei tid tilbake var Allroad ein skjelden bil å sjå på norske vegar. Nå hender det at ein kan sjå ein og annan, men ikkje kvar dag. Kanskje prisen kan ha nåke å sei? Med norske skilt kostar ein slik bil rundt ¾ million. I Tyskland kostar han kanskje litt under halvparten. Det er nok derfor eg berre kjenner to stykke så har sånn bil. Den eine er Odd Ståle, den andre er ei tøtta i Oslo så hette Martha Louise.

Foto: Tatt på Bjoalandet av Mr.B.