Foto:

Babels tårn?

Av: Sigmund Tveit 05.02.2003
Ein fin dag tidleg på ettersommaren hadde eg gått til fjells for å sjå etter molter. Eg hadde teke ein pust i bakken og vart innhenta av ein skulemann eg kjende godt, som var ute i same ærend.
Me vart sitjande på kvar vår stein med panoramautsikt til det meste av Bjoabygda og bygdene rundt det me kallar Sunnhordlandsbassenget. Ferja til Fjeldberg og Halsnøy gleid stilt over fjorden. Ein del småbåtar var og utpå, og ein del born heldt til nede på idrettsplassen.
Me kom inn på dette med det nedlagde ferjesambandet til Stord og virkningane av dette. Eg sa det var klart me merka det. For oss vart det jo både lengre reisetid og dyrare, gamle kulturband vart kutta. Likevel, største verknaden var at Hordaland mista Ølen kommune, og kan hende kom til å missa Etne på grunn av ein destruktiv samferdselspolitikk. Rett nok såg det ut til at dei styrande i fylket byrja å få litt kalde føter og forsøkte seg med ein avlatshandel i skulesektoren med å tilby klassar i vidaregåande i Etne.
Sidan eg no hadde ein rektor ved sida kunne eg ikkje stå imot freistinga til å provosera litt. Eg spurde om det ikkje ringa ei varselklokke i deira organisasjonar når gode skuleanlegg som det me såg ned på herfrå vart forsøkt tvinga til nedlegging for å finansiera eigne lønstillegg i offentleg sektor inkl. skulen, og når born sitt oppvekstmiljø (med både nedsett lesetid og fritid) skal bera kostnaden, ja då var det etter mi meining på høg tid å setja foten ned. Jo, sjølv om eg spissformulerte ein del var han stort sett enig.
Så var det desse pengane som vart trekte inn frå samferdsel, frå skule, frå barnehagar, frå eldreomsorg, frå kulturtiltak, kva vart dei brukte til?
Då eg spurde om han hadde lese Thor Heyerdahl si framstilling i ei av sine bøker, om Babels tårn. Nei, han hadde ikkje det, men han kjende jo forteljinga både frå barndommen og frå Bibelen. Eg har ikkje nokon av bøkene framfor meg no, men eg meiner å hugsa at det var i kong Jared si regjeringstid i hovedstaden Babylon i landet mellom Eufrat og Tigris at det vart vedtatt at det skulle byggjast eit tårn av stein som rakk like inn i himmelen. Dette landet var på denne tida kjent som verdens rikaste og hadde det me ganske enkelt vil kalla verdens beste infrastruktur. Og arbeidet vart verkeleg sett i gang. Kor lenge det varte er det ingen som veit, men på resten måtte ifølge skrifta Gud sjølv gripa inn og stoppa galskapen. Og kva førte så dette byggjearbeidet til? Jo, ifølge Heyerdahl vart landet totalt utarma. Infrastrukturen forfalt. Framande makter invaderte landet, som aldri har kome seg fram til standarden på kong Jareds tid, berre ein enorm haug av forvitra stein påviser staden for Babels tårn.
Her til lands har me og vårt tårn under byggjing, nemleg oljefondet. Målet her er ikkje himmelen, men ein pyramide av papir med ein topp på tusen milliardar, der rentene av desse pengane skal vera etterfylgjande generasjonar si alderdomsforsikring. Ein god tanke, eit godt vedtak, eit godt mål. Men spørsmålet er om byggverket er i ferd med å komma ut av kontroll? Eg hadde nyleg høyrt at fondet hadde minka med 80 milliardar. Seinare har eg høyrt både 120 og 140 milliardar, og er det for å kompensera dette at harde og upopulære tiltak vert sett i gang, og for å skaffa spelepengar til børsspekulantane? Har me noko å læra av forteljinga om Babels tårn?
Me skilde lag og gjekk til kvar vår moltemyr, men eg har fortsett å tenkja litt. Skulen og idrettsanlegget. Dette er ikkje berre ein skule. På Bjoa er det og eit kultur- og idrettssenter. Dersom det skulle lukkast tårnbyggjarane og deira handtlangarar å få lagt ned skulen, kva då? Skulle bygdefolket måtta kjøpa attende bygningar og kanskje gjera seg til gjeldsslavar for noko dei har betalt for før, både gjennom skatt og frivillig dugnadsinnsats?
Og så har me dette paradokset: Verdens rikaste land og skattelette for dei rikaste. Eg har forståing for at folk med vanleg vet og forstand kvier seg for å gå inn i lokalpolitikken for å verta overstyrde av papirflyttarar. Likevel, meiningsmålingane viser at deira kamp for velferdssamfunnet ikkje har vore fånyttes. Fleire og fleire innser galskapen i systemet, og eg tvilar på om det sit ei høgredominert regjering fram til neste stortingsvalg, og heller ikkje etter valet.
Sigmund Tveit
Bjoa.
Foto: Marit Eikehaugen