Foto:

Barndomsminne frå Rotvoll i 1946

Av: Marit Eikehaugen 29.12.2002


Fra årets Segn og Soge, historiebladet for Ølen og Bjoa Sogelag, hentes følgende artikkel skrevet av Arne Erdalsdal.

Sitat: -"I boka ”Arquebus kaller London” får vi høyre om det som gjekk føre seg i krigsåra. Men etter krigen, då eg kom til Rotvoll, var det mykje spanande for ein nysgjerrig smågut, og alt måtte sjølvsagt undersøkjast.

Mellom anna var alle våpen og alt sprengstoff gøymt unna så lenge krigen varde, for det var ulovleg å ha slikt på gardane.

Eg likte meg godt på Rotvoll, og som smågutar flest for eg og naboguten Lars frå Eikås og sprang og leika alle stader. Ein dag kom vi over nokre pakkar inne i ein løevegg, pakka inn i eit slags gråpapir. Vi spekulerte på kva dette kunne vere, og fann ut at det kanskje kunne vere sprengstoff. Dette måtte vi ha for oss sjølv, og bestemte at dette skulle vi bruke til å lage ein kjempesmell av. Så vi la det det tilbake på plass att utan å fortelje det til nokon.

På den tid var det vegarbeid i gang, for å få veg fram til Eikås, Tonjen og Rotvoll. Kvar dag når eg kom frå skulen, fylgde eg nøye med korleis karane for åt når dei skulle sprengja vekk steinar og bergnibber med dynamitt, fenghette og lunte. Lars og eg planla at vi skulle ta med oss pakkane vi hadde funne i løa, og gå inn Kolbeinshauglia og sprenga det i tjørna der inne. For der var det så sjeldan folk.

Så kom endeleg dagen vi kunne setje i verk planen vår. Fenghette, lunte og øks ”fann” vi i skuret til vegarbeidarane. Det stod ulåst i dei dagar. Vi småsprang mot Kolbeinshauglia og tjørna. Alt var stilt, naturen låg urørd og fredeleg. Det var berre Lars og eg som var ute i eit hemmeleg, spanande og ulovleg ærend. Dette var i mars månad, og tjørna var ennå islagd. Det var og planen. Vi gjekk ut på isen og hogg hol med øksa. Så stakk vi hol i pakken med ein pinne, festa fenghetta med lunta i holet, tetta med gris og surra godt fast med ulltråd eg hadde funne i mor sine strikkesaker. Lars tende lunta og eg slepte alt ned i holet i isen, der det forsvann i djupet med eit fres, og vi la til paling alt vi kunne. Vi slengde oss ned bak ein haug, kva ville skje? Vi var ikkje sikker på om det var sprengstoff vi hadde funne, så spaninga var på brestepunktet.

Det tok uendeleg lang tid, tykte vi, der vi låg og kika fram. Men så skjedde det, isen løfta seg som ein paraply, og eit tungt drønn skar gjennom dalen! Ei blågrå sky av vatn og røyk stod opp gjennom holet i midten! Vi sprang heimover så fort vi kunne. Dette var fælslege greier! Men vi var einige om at noko bra hadde vi gjort med denne sprenginga. For no hadde vi iallfall utrydda nøkken som dei vaksne sa var i tjønna ved Kolbeinshauglia!

Foto: Paul Espeland. Tjørna ved Kolbeinshauglia, i daglegtale kalla Kolbeinshaugtjødno. Det var her smågutane sprengde bort nøkken med dunder og brak, ein sein vinterdag i 1946. - Sitat slutt.